Gå underskrift.no der du kan skrive under oppropet (aldersgrense 16 år)
Nei til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane og Vigdøla
Statkraft vil byggje ut åtte urørte elvar på vestsida av Jostedalen og nedre del av Vigdøla. Me seier nei til desse planane fordi:
• Vassdraga i Jostedalen er alt hardt utbygde og bør sparast mot fleire større inngrep. Vert Statkraft-planane gjennomførte, vil elva frå Nigardsbreen vere den einaste urørte på den 20 km lange strekninga med busetnad i bygda. Dette vil ta frå komande generasjonar høvet til å oppleve urørt natur og frittrennande elvar nær busetnaden i bygda.
• Friluftslivet og naturen er viktig både for dei fastbuande i Jostedalen, turistar og for framtidig tilflytting. Vestsideelvane ligg i beltet mellom busetnaden og Jostedalsbreen nasjonalpark. For friluftslivet og folket i bygda er det særs viktig å ha eit slikt samanhengande turområde frå dalbotnen til breplatået der naturen og dei tradisjonelle stølsområda har unngått nyare større inngrep. Turområde med inngrep har bygda nok av.
• Trass i at den øvre delen alt er utbygt, er Vigdøla framleis ei flott og frisk elv gjennom gardsområda i Vigdalen og gjelet ned til samløpet med Jostedøla. Fossestryka ned mot dalbotnen er av dei karakteristiske i Jostedalen. Vatnet som no er att i Vigdøla, må få renne fritt.
• Vestside-utbygginga vil føre til at Jostedøla vil få kaldare vatn, noko som vil få negative konsekvensar for livet i elva og elvefisket. Lågare grunnvatn kan dessutan vere uheldig for jordbruk, natur og busetnad i delar av bygda.
Vedteke på eit ope møte i Jostedalen 28. juli 2009.
Siste kommentarar