Mest 200 grunneigarar er direkte berørte av vestside- og Vigdøla-utbyggingane. Grunnen til dette er at utbyggingane vil ta bort vatn og dermed redusere verdien på fallrettane i hovudelva. Alle grunneigarar langs Jostedøla heilt ned til fjorden er difor partar i saka. Men det varierer svært mykje kor store økonomiske interesser dei ulike grunneigarane har. Grunneigarlistene er prenta bak i konsesjonssøknadene, men her går det ikkje fram kor mykje kvar einskild eig.
Tilhøvet mellom grunneigarane og Statkraft er ikkje noko aksjonsnemnda vil leggje seg borti. Ein eigen prosess på sida av konsesjonsprosessen skal avklare alle desse økonomiske og forretningsmessige tilhøva. Men det har no ei tid gått eventyrlege rykte om erstatningssummane, så me vil her gje eit kort oversyn over vederlaga det kan vere snakk om.
Det er i prinsippet snakk om to typar erstatningar: Det som gjeld fallrettar, og det som gjeld kompensasjon for skadar og ulemper.
Fallrettar – «naturhestekraftmetoden»
Mest pengar ligg det nok i fallrettane. Her er det ein lang rettspraksis på temmeleg standardiserte erstatningar som tek utgangspunkt i «naturhestekrefter» (nhk). Om ein gangar fallhøgd med vassmengd etter ein viss formel, får ein ut kor mange naturhestekrefter fallretten til ein grunneigar utgjer. Statkraft har rekna ut at vestsideelvane (inkl. damhevinga) utgjer 23 400 nhk og Vigdøla-prosjektet 13 300 nhk. Dei siste åra har erstatninga ved vasskraftutbyggingar lege på 500 kr per naturhestekraft. Det vil seie at fallrettane i dei to utbyggingane totalt er verde 18,35 mill kr (på grunneigarmøtet 22.6.2011 avrunda Statkraft dette til ’20 mill kr’).
Statkraft eig det meste av fallrettane etter avtalar i 1960-åra og erstatningar fastsette ved skjøn i 60- og 80-åra. Dette utgjer nok mellom 2/3 og 3/4 av alle fallrettar (talet er ikkje oppgjeve i konsesjonssøknaden).
Statkraft eig ikkje fallrettane i Hompedøla, Kvernelvi, delar av Bakkedøla/Kyrkjedøla/Sagarøyelvi og nokre mindre strekningar i Jostedøla. Desse må altså Statkraft skaffe seg gjennom avtalar med grunneigarar eller oreigning (ekspropriasjon). Som eit døme kan det nemnast at dei samla erstatningane for Hompedøla og Kvernelvi truleg vil utgjere 1,2-1,4 mill kr etter naturhestekraftmetoden.
Dei som alt har selt fallrettane, kan be om ny verdivurdering. Då er ein sikra å få erstatta fallretten etter dagens fallpris, men med frådrag for tidlegare utbetalt erstatningsbeløp. Her vert då ei årleg rente på 4 % lagt til grunn. Eit reknedøme: Lat oss seie at ein grunneigar fekk utbetalt kr 10 000 for ein fallrett i 1962. Med 4 % årleg rente utgjer dette i 2012 (etter 50 år) kr 71 066 som då kjem i fråtrekk på erstatninga etter dagens fallpris.
For dei aller fleste av dei mest 200 involverte grunneigarane, gjeld det at dei for det fyrste berre eig ei lita strekning langs hovudelva, og for det andre at fallrettane er selde tidlegare. I dei fleste tilfella vil det nok såleis berre vere snakk om småslantar i erstatning.
Fallrett – «småkraftmetoden»
For Bakkedøla og Kyrkjedøla ser reknestykket heilt annleis ut. Her er det både teknisk mogleg og økonomisk lønsamt å byggje småkraftverk dersom det ikkje blir noko av vestsideutbygginga. Ein høgsterettsdom i september 2010 slo fast at fallrettseigarar i slike tilfelle kan få erstatning etter «småkraftmetoden’. Det vil seie at dei får ei erstatning tilsvarande det dei kunne ha tent på å byggje småkraftverk. Det vil vere snakk om langt høgare summar enn ei erstatning etter naturhestekraftmetoden, men me har ikkje kjennskap til kva summar det her kan vere snakk om.
For Hompedøla/Kvernelvi er ikkje erstatning etter småkraftmetoden aktuelt sidan det ikkje vil vere økonomisk lønsamt å byggje småkraftverk her. Det er heller ikkje aktuelt for Bakkedøla/Liadøla, Røykjadøla/Tverradøla eller Krundøla sidan Statkraft alt eig fallrettane der.
Erstatning for andre skadar og ulemper
Nokre få grunneigarar vil få inngrep på eigedomane sine som vil gje grunnlag for erstatningar. Det kan vere snakk om erstatning for hegning langs elvelaupa som blir turrlagde, for vegar, tippar og riggar på eigedomen o.l. Dette skal avgjerast ved tingingar med kvar einskild grunneigarar, eventuelt rettsleg skjøn om ein ikkje vert samde.
Samla beløp
Statkraft har ein post i prosjektbudsjetta som heiter «Planlegging, administrasjon, erstatninger, tiltak etc.». For vestsideelvane er det budsjettert med 25 mill kr, for Vigdøla 16,4 mill kr, totalt altså 41,4 mill kr. I Vigdøla-søknaden er budsjettposten kommentert slik: «Dette er dels Statkrafts egen prosjektledelse og administrasjonskostnader, og dels erstatning til grunneiere som eier fallrettigheter m.v.» Dette inkluderer òg byggjeleiing i anleggsfasen.
Det er alt nemnt at samla fallpris etter naturhestekraftmetoden er på 18,35 mill kr. Så kjem fallrettane Statkraft alt har i frådrag, erstatning etter småkraftmetoden i tillegg og erstatning for andre ulemper i tillegg. Så kanskje me kan gisse på at kring halvparten (drygt 20 mill kr) av budsjettposten er erstatning til grunneigarar?
Det vil i alle høve ta fleire år før dette blir klart. Tingingane med grunneigarane er knapt komne i gang.
Kjelder
Statkraft sin presentasjon på grunneigarmøtet 22.6.2011
Konsesjonssøknadene
Ny høyesterettsdom gir høyere erstatning for ekspropriasjon til kraftutbygging (grette.no)
Otra-domen i Høgsterett 15.9.2011
Kort om jus. Spesialnummer om småkraftverk, 2007 (haavindvislie.net)
I’ve been exploring forr a bitt for any high-quality articles or weblog posts
in this sort of hojse . Exploring in Yahoo I eventually
stumbled upon this web site. Reading this information So i’m satisfied to show that
I’ve a very just right uncanny feeling I found out exactly what Ineeded.
I so much without a doubt woll make certain to do not overlook this website and provides it a glance onn a relentless basis.
In other cases, these agreements may be the standard kind of real estate
property lending within their jurisdiction. Nevertheless, don’t go believing that motherhood defines a female, it is simply an area of her being.
That way you eliminate all the costs of making use of the trading platform offered to
you and you also just pay a little brokerage fee which can be
shared amongst every one of the fund pool contributors
jointly entity handles the whole, larger pool.
Hi there, after reading this awesome article i am too cheerful to share my knowledge here with mates.
You can even save on video production suites and related hardware in certain cases.
You more than likely don’t navigate to the kind of sites online where one can end up with
a virus or other malware on the computer, however, there is no particular sort of site that spreads viruses
online. Some of the factors behind such error are complications with bugs inside kernel,
hardware, device drivers, memory faults, power faults and more.
What’s up, I desire to subscribe for this webpage
to take most up-to-date updates, therefore where can i do it please help.
There are millions of different games on the net that appeal to different tastes and for
that reason different markets. Also please keep in mind you could destroy the train when you are dragging
the blocks, so please be careful and avoid showing up in the train. It may be tempting to generate
a huge ball to fireside with the structure nevertheless the larger the ball becomes the more points it costs to create.
What’s up, I would like to subscribe for this webpage to take most up-to-date updates,
therefore where can i do it please help out.
Youu p?obably offer flyers and brochures as downloads fr?m thhe website.
This a?ticle will spea? abouut Internet marketing resulting in receiv?ng a ma?ter’s degree in ?nternet marketing online.
Just li?e, whoo will be the audience you making the effort reach and what is ?etter ?trateg? to
use wit? reaching ?t.
My web ?abe :: Kory
whoah this blog is gre?t ? ?eally ?ike studying ?our articles.
Keep up the g?od w?rk! You realize, ? ?ot of persons are hunting around fo? this informati?n, you co?ld h?lp th?m
greatl?.
I get pleasure from, lead to I discovered exactly what I was taking a look for.
You have ended my four day lengthy hunt!
God Bless you man. Have a great day. Bye