Luster er ein av dei største vasskraftkommunane i landet og har store inntekter frå kraftverka. Dei fire inntektskjeldene som utgjer kraftinntektene, er naturressursskatt, kommunal eigedomsskatt, konsesjonsavgift og konsesjonskraft. Konsesjonssøknadene og fagrapporten om samfunnskonsekvensar gjer greie for kva som ligg i dette. Av eit driftsbudsjett på kring 240 mill kr utgjer kraftinntektene i dag oppunder 25 %.
I konsekvensutgreiingane er det rekna ut at kommunen vil få ekstra skatteinntekter årleg på 4,6-6,0 mill kr frå vestsideutbygginga og 1,8-2,3 mill kr frå Vigdøla-utbygginga. Statkraft peikar på at utrekninga er feil av to grunnar. For det fyrste kan ikkje kommunen ta ut meir konsesjonskraft til låg pris fordi ein alt har nådd «taket’, som er det samla forbruket i kommunen. Denne billege konsesjonskrafta for dei nye utbyggingane går difor over til fylkeskommunen. Det vil seie at konsesjonskraft til ein verdi av 2,4 mill kr for vestsida og 1,0 mill kr frå Vigdøla må trekkjast frå. For det andre går naturressursskatten inn i inntektsutjamninga mellom kommunane. Auka inntekter frå naturressursskatten fører dermed til lågare rammeoverføring frå Staten. Dette må òg trekkjast frå.
Statkraft konkluderer dermed i konsesjonssøknadene med at kommunen si nettoinntekt vert kring 3 mill kr frå vestsideutbygginga og kring 1,2 mill kr frå Vigdøla-utbygginga, altså totalt 4,2 mill kr. Dette er såleis eit greitt tal å halde seg til fram til kommunen sjølv har fått gått gjennom saka.
Dei faste årlege inntektene går heilt og fullt til kommunekassa, ikkje til tiltak i Jostedalen.
Det kan leggjast til at Luster kommune gjekk med eit driftsoverskot på 19,1 mill kr i 2010.
0 Responses to “Kva tener kommunen?”