Småkraftverk?

I ordskiftet om vestsideutbygginga er spørsmålet om småkraftverk i dei aktuelle elvane ofte framme. Somme ser dette som eit betre alternativ, somme som eit verre. Me har ikkje teke stilling til dette, men vil leggje fram nokre opplysningar slik at det er klart kva alternativet til ei full vestsideutbygging kan vere.

Tre småkraftverk, ikkje åtte
Bygging av småkraftverk er nemnd som eit alternativ i konsesjonssøknaden til Statkraft. Det er då tre kraftverk det er snakk om.

1) Sperleelvi (Vassdøla + Liadøla) med inntak på 450 m.o.h. og utlaup 140 m.o.h. Det vil gje 16,9 GWh/år og ha ein utbyggingspris på 2,8 kr/kWh

2) Sagarøyelvi (Kyrkjedøla + Bakkedøla) med inntak på 480 m.o.h. og utlaup 175 m.o.h. 12,0 GWh/år, utbyggingspris 3,3 kr/kWh

3) Krundøla, inntak 280 m.o.h. (Heljegarden), utlaup 180 m.o.h. (på Gjerde), 15,5 GWh/år, utbyggingspris 3,2 kr/kWh

Til samanlikning har Vanndøla kraftverk ei fallhøgd på 510 meter og ein produksjon på 12,8 GWh/år.

Inntaka på småkraftverka i Sagarøyelvi og Sperleelvi kjem såleis 40-70 høgdemeter lågare enn inntaka til overføringstunnelen til Tunsbergdalsvatnet. Inngrepa i terrenget vil bli større (røyrgate, kraftstasjon), men vatnet kjem att i hovudelva.

Prosjekt over 3,5 kr/kWh, nærmar seg ei grense for å vere lønsame. Til samanlikning kostar vestsideutbygginga 3,8 kr/kWh og er på grensa medan Vigdøla-utbygginga er svært lønsam med 2,7 kr/kWh.

Dei tre småkraftverka vil såleis vera lønsame, men kapasiteten på høgspentlina i Jostedalen er eit problem. Småkraftverka vil krevje ei investering i ny høgspent på kring 20 mill kr.

Kvernelvi/Hompedøla?
Småkraftverk i Kvernelvi/Hompedøla med inntak på 620 m.o.h. og utlaup 100 m.o.h. vil gje 12,3 GWh/år, men ha ein utbyggingskostnad på heile 5,8 kr/kWh. Dette er såleis heilt uaktuelt av økonomiske grunnar.

Småkraftverk i Krundøla uansett?
I Sagarøyelvi og Sperleelvi vil ei vestsideutbygging gjere småkraftverk heilt uaktuelle sidan det knapt vil vere att vatn.

Men den som trur vestsideutbygginga vil gjere eit småkraftverk i nedre del av Krundøla uaktuelt, bør nok ikkje vere for sikker.

Vestsideutbygginga stikk berre av med ca 20 prosent av gjennomsnittleg vassføring i Krundøla. Med ein utbyggingskostnad på 3,2 kr/kWh utan vestsideutbygginga kan det godt hende at eit småkraftverk framleis vil vere lønsamt også med vestsideutbygginga. Dette er ikkje nemnt i det heile i konsesjonssøknaden, men der er rart om ikkje Statkraft har tenkt tanken.

0 Responses to “Småkraftverk?”


  • No Comments

Leave a Reply