Statkraft søkte i april 2011 om konsesjon til å overføre åtte vestsideelvar i Jostedalen til Tunsbergdalsdammen, heve dammen med fire meter og byggje ut nedre del av Vigdøla. Saka er no på høyring, og høyringsfristen er 15. august.
Meir informasjon
Vestsideelvane og Vigdøla kraftverk - Statkraft si side med informasjon, konsesjonssøknader og konsekvensutgreiingar
Vestsideelvane - NVE si side om høyringa
Vigdøla - NVE si side om høyringa
Aksjonen
I juni 2009 sende Statkraft formell melding til NVE om at utbygginga av vestsideelvane i Jostedalen og nedre del av Vigdøla var under planlegging. Dermed var den formelle konsesjonsprosessen i gang, og sommaren 2009 vart «Vestsida-Vigdøla.no» skipa som ein felles aksjon mot dei to utbyggingsprosjekta.
2. juni 2011 vart aksjonen oppattskipa og fastare organisert (sjå Aksjonen formelt skipa).
Bli medlem!
Alle som vil kan no melde seg inn i aksjonen – kr 100 per år.
Konto (Luster sparebank): 3785.11.59100
Det er òg fullt mogleg å støtte aksjonen økonomisk utan å melde seg inn.
0 Responses to “Om aksjonen”