Minimal flaumdemping

Etter 1979-flaumen var vestsideutbygginga langt på veg eit folkekrav i Jostedalen. Av sideelvane var det særleg Sagarøyelvi, Sperleelvi og Røykjadøla som valda stor skade. Omsynet til flaumsikringa har vore eit viktig argument når Luster kommune seinare har bede Statkraft søkje konsesjon, og det har vore og er eit sentralt argument i ordskiftet om utbygginga.

Målt opp mot dei tidlegare forventningane om flaumsikring har Statkraft sjølv langt på veg lagt denne ballen daud, mykje av økonomiske grunnar.

Dei åtte vestsideelvane
Det mest positive Statkraft kan seie om flaumsikringseffekten i konsesjonssøknaden er at «Overføring av Vestsideelvane vil dermed ikke eliminere fremtidige flomskader nedstrøms inntakene, men risikoen for flomskader reduseres», og at «I teorien skal dermed overføring kunne ta en stor del av vannet i en flomsituasjon». (s. 45, vår uth.)

Fleire tilhøve gjer flaumsikringseffekten usikker i praksis, og mykje av dette er omtala i konsesjonssøknaden. Tunnelen vil bli bora med eit tverrsnitt på 9,6 m2 (diameter 3,5 m), noko som gjev ein kapasitet på ca 30 m3/sek (s. 45). Ein 10-årsflaum i dei åtte elvane til saman er stipulert til 60 m3/sek og ein 100-årsflaum til 80 m3/sek. Statkraft skriv: «I teorien skal dermed overføring kunne ta en stor del av vannet i en flomsituasjon, slik at en 100-årsflom reduseres til i underkant av en 10-årsflom og en 10-årsflom reduseres til middelflom (2-årsflom) nedstrøms inntakene.» (s. 45) 

Men det er altså «i teorien» om alt fungerer som det skal, og i ein flaumsituasjon er det fleire  problem. For det fyrste kan bekkeinntaka tette seg. Statkraft skriv: «I flom bringer imidlertid elvene med seg stein og kvister som kan kile seg fast i grovristene som ligger over inntakene. Det vil fort redusere kapasiteten og betydelig vann renner over og ned i det gamle elveleiet. Is og snø på vinteren kan også medføre at vinterflommer kan gå forbi inntaket.»

Her er det stor skilnad på dagens inntak i Jostedalen. Inntaka på austsida ligg på ca 1200 m.o.h., langt over vegetasjonen. Dei to eksisterande bekkeinntaka til Leirdøla kraftverk i Fonndøla ligg derimot om lag på same høgd som vestsideinntaka vil kome, og her er problemet med tetting ved flaumar langt større. Her er det såleis ei stor usikkerheit. Som Statkraft sjølv skriv: «det er utfordrende å bygge bekkeinntak som klarer å ta inn alt vann i flomsituasjoner, spesielt i slike bratte elver med mye steintransport, som de på vestsiden i Jostedalen.» (s. 44)

Det andre problemet er knytt til kva som skjer når tunnelen går full (stuar seg). Dersom eitt bekkeinntak er lågare enn dei hine, kan vatnet byrje å renne ut av inntaket og forsterke ein flaum. På austsida er det bygt flyteluker i dei lågastliggjande inntaka som stengjer inntaket om vatnet stig i sjakta og trugar med å renne ut og forsterkar flaumen i den aktuelle elva. På veststida er det ikkje planlagt slike innretningar.

Eit anna alternativ er då å sikre at alle bekkeinntaka til saman ikkje har større kapasitet enn tunnelen – då vil tunnelen aldri gå full. Men «hvert enkelt inntak dimensjoneres for å ta opp til 10 ganger midlere tilsig» (s. 45), noko som i sum er meir enn samla tunnelkapasitet. Skal dette fungere, er det heilt avgjerande at anlegget vert dimensjonert slik at alle inntak har same trykk og renn over om lag like mykje, og utan at vatn renn ut av dei. Statkraft har vore lite konkret på korleis ein kan få dette til å fungere.

Dersom tunnelen vert bygd med større tverrsnitt, vil han ta unna meir av vatnet, men det vil drive opp kostnadene. Tunnelen er stipulert til 300 mill kr, som er oppunder 60 % av utbyggingskostnaden. 

Eit tredje problem vart understreka av NVE på folkemøtet 8.6.2011. Dersom Tunsbergdalsmagasinet er fullt og har overlaup i ein flaumsituasjon, må ein vere sikker på at overføringa av vestsideelvane ikkje er med på å forsterka ein flaum i Leirdøla. Her er det òg ein viktig skilnad på aust- og vestsida. Styggevatnet er eit fleirårsmagasin. Tunsbergdalsvatnet er berre eit halvtårsmagasin med større fare for overlaup.

Hovudelva
I praksis vil ikkje vestsideutbygginga ha nokon flaumsikringseffekt i hovudelva. Utbygginga vil berre redusere vassføringa i Jostedøla ved Gaupne med 1-2 % (ved Myklemyr 3 %).

Krundøla
Det største flaumproblemet i Jostedalen dei siste åra har vore på Jostedal Camping på Gjerde.  Statkraft skriv:

«Flere ganger de siste årene har flom i Krundøla, like før samløp med Jostedøla ved Gjerde, ført til store problemer, både for jordbruk og i forbindelse med drift av campingplass. Senest sommeren 2010 ble campingplassens gjester evakuert fordi flomvann fra Krundøla brøt forbygningene.» (s. 22)

Om Tverradøla og Røykjadøla vert tekne med i vestsideutbygginga, vil det berre redusere gjennomsnittleg vassføring i Krundøla med 20 % ved samlaupet med Jostedøla. Jostedal camping har flaumproblem mest kvart år, så vestsideutbygginga løyser knapt noko som helst av problemet. Her må heilt andre tiltak setjast inn, som å fjerne masse i elvelaupet og byggje høgare flaumvern, og dette må gjerast uavhengig av vestsideutbygginga.

0 Responses to “Minimal flaumdemping”


  • No Comments

Leave a Reply