Kva tener Statkraft?

Jostedal kraftverk og Leirdøla kraftverk har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1325 GWh. Over 80 % av dette er vinterkraft som vert seld til høg pris (Jostedal kraftverk heile 95%). Med ein kraftpris på 40 øre/kWh gjev dette årlege inntekter på dei to kraftverka på 530 mill.kr (467 mill til Statkraft, 63 mill til Sogn og Fjordane energiverk som har 35 % i Leirdøla kraftverk). Vestsideelvane tilfører årleg 135 GWh (54 mill kr), Vigdøla kraftverk 48 GWh (19 mill kr).

Statkraft forsvarte seg på folkemøtet 8.6.2011 med å ha støtta lag og organisasjonar i Luster med 3,5 mill kr dei siste ti åra. 350 000 kr årleg utgjer 0,075 % av Statkraft sine årlege inntekter på dei to kraftverka (eller 1 % av Statkraft si årlege meirinntekt av vestsideutbygginga). Til samanlikning delte Luster sparebank i 2010 ut 2 mill kr i gåver til lag og organisasjonar og overførte 1,8 mill kr til gåvefondet.

Statkraft har stipulert erstatninga som grunneigarane får for fallrettane til Vestsida/Vigdøla til ca 20 mill kr. Dette utgjer berre 30 % av dei samla kraftinntektene på dei to utbyggingane på 1 – eitt – år. På 10 år utgjer erstatningane 3 % av kraftinntektene og på 30 år 1 %.

Merknad: 40 øre/KWh er eit varsamt overslag. Gjennomsnittleg spotpris på kraftbørsen Nord Pool var i mai 2011 på 43 øre/KWh, i februar-mars på drygt 50 øre, i januar 54 øre og i desember 2010 heile 64 øre. I tillegg kjem det at kraftverk berre køyrer den tida på døgeret med høgast kraftpris. Den 1. mars i år var til dømes gjennomsnittleg spotpris drygt 50 øre medan prisen i delar av døgeret var på over 55 øre. (Kjelde: http://www.nordpoolspot.com/)

1 Response to “Kva tener Statkraft?”


Leave a Reply