Grunnleggjande fakta

Statkraft har søkt om konsesjon til to ulike utbyggingar som formelt er to åtskilde saker.

Vestsideelvane

Eksisterande kraftanlegg med blått, den planlagde vestsideutbygginga med raudt (kjelde: Statkraft, namn påsette av aksjonsnemnda)

Eksisterande kraftanlegg med blått, den planlagde vestsideutbygginga med raudt (kjelde: Statkraft, namn påsette av aksjonsnemnda)

Meir informasjon: Brosjyre, konsesjonsøknad og rapportar (NVE)

Prosjektet har to hovuddelar. Den eine er å heve den eksisterande Tunsbergdalsdammen i Leirdalen med 4 meter. Statkraft er pålagt av NVE å gjere eit omfattande vedlikehaldsarbeid på dammen, og i den samanhengen ynskjer Statkraft også å heve dammen. Men økonomisk er dette avhengig av overføringa av vestsideelvane til magasinet.

Den største delen av prosjektet er å byggje ein 19 km lang krafttunnel for å overføre åtte sideelvar på vestsida av Jostedalen til Tunsbergdalsvatnet og Leirdøla kraftverk (bygd 1974-79). Dei åtte elvane er frå nord Tverradøla og Røykjadøla i Krundalen, Bakkedøla og Kyrkjedøla som renn saman til Sagarøyelvi før dei når Jostedøla, Liadøla og Vassdøla som renn saman til Sperleelvi, og Hompedøla og Kyrkjedøla på Myklemyr som renn saman i Myten før samlaupet med Jostedøla. Det skal byggjast bekkeinntak i sideelvane ca 520 m.o.h.

Påbygginga av dammen vil gje ein auka gjennomsnittleg årsproduksjon på 10 GWh, og vestsideelvane vil gje 125 GWh, altså totalt 135 GWh (=årsforbruket til 6750 husstandar). Leirdøla kraftverk har frå før ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 451 GWh.

Tunnelen blir på ca 10 m2 i tverrsnitt og vil ha ein kapasitet på ca 30 m3/sek. Statkraft har planlagd å nytte tunnelboremaskin (TBM). Driving av tunnelen med konvensjonell sprenging vil etter det Statkraft seier ikkje vere lønsamt. Det vil bli eit innslag nedanfor Sperlestølen, så dit skal det byggjast ein 2 km lang anleggsveg frå Gardshaugen. Det vert ein tipp ovanfor Sperla.

Statkraft seier at økonomien i prosjektet er marginal. Prosjektet er totalt kostnadsrekna til 513 mill kr (2010). Av dette går 80 mill kr til utbetring/heving av dammen og ca 300 mill til sjølve overføringstunnelen. Utbyggingskostnaden er 3,80 kr/kWh, noko som er heilt i øvre grense av det som er lønsamt. På folkemøtet i Jostedalen 8. juni 2011 opplyste Statkraft innføringa av ordninga med grøne sertifikat i 2010 auka lønsemda i prosjektet og gjorde at dei bestemte seg for å gå vidare med konsesjonssøknaden.

Vigdøla kraftverk

Meir informasjon: Brosjyre, konsesjonsøknad og rapportar (NVE)

Statkraft ynskjer å byggje eit nytt kraftverk som utnyttar vatnet i nedre Vigdøla. Øvre delen (over ca 1200 m.o.h.) går i dag inn i bekkeinntak i Jostedal kraftverk. Det nye inntaktet blir ved Skitnamyrtjønni på ca. 605 m.o.h. Det skal byggjast ein ny tunnel på ca 1,3 km til ein ny kraftstasjon inne i fjellanlegget ved Jostedal kraftverk på Myklemyr. Den avlaupstunnelen frå Myklemyr til djupvassutsleppet i Gaupnefjorden skal nyttast.

Kraftstasjonen vil få ei slukeevne på 3,2 m3/sek, ha ein effekt på 16 MW og gje ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 48 GWh. Utbygginga er kostnadsrekna til ca 130 mill kr. Dette gjev ein utbyggingskostnad på 2,7 kr/kWh, noko som gjer det til eit svært lønsamt prosjekt.

0 Responses to “Grunnleggjande fakta”


  • No Comments

Leave a Reply