[Sjå undermenyen til høgre for bilete og kart av kvar elv.]

Visualisering av bekkeinntaka nedanfor Sperlestølen. Vassdøla til venstre og Liadøla til høgre. Planlagd minstevassføring er ikkje vist. (Kjelde: Statkraft, konsesjonssøknaden, s. 121)
Den største konsekvensen av vestsideutbygginga er at dei åtte sideelvane vert turrlagde nedstraums bekkeinntaka. Følgjene varierer noko frå elv til elv. Det er oftast snakk om kva ein ser av elvelaupa når ein er nede i bygda, gjerne på vegen. Men ein må òg ta omsyn til kva ein ser av elvane på nært hald. Det gjeld både der elvane renn gjennom gardsområda og kryssar hovudvegen og langs turstiane som går langs fleire av elvane. Ein må òg ta med i vurderinga korleis vestsideelvane ser ut på avstand frå dei vanlege turmåla på austsida.
Skilnad på vestsida og austsida
Sett frå bygda er skilnaden svært stor til utbygginga på austsida. Bekkeinntaka der ligg på ca 1200 m.o.h., så sideelvane har store nedbørsfelt nedanfor inntaka. Sett frå dalen er det difor framleis mykje vatn att i t.d. Sprongdøla ved Øy, Fagredøla ved Fåberg, Geisdalsfossen og fossen i Nordre Gravdøla.
Bekkeinntaka på vestsida vert liggjande mykje lågare (ca 520 m.o.h.), og desse elvane vert difor turrlagde frå bekkeinntaka heilt ned til samlaupet med Jostedøla/Krundøla. Den beste samanlikninga med austsida er difor den turrlagde Bymannsfossen og Bruvollelvi i Vetlestølsdalen (Fåberg).
Restvassføring nær null
Rett nok har Statkraft lagt inn ei minstevassføring i vestsideelvane, noko det ikkje var krav om på austsida. Men minstevassføringa tilsvarar berre den lågaste vassføringa midt på vinteren. Vassføringa i elvelaupa nedanfor inntaka utgjer såleis berre små bekkar som er usynlege med mindre ein står uti dei.
Summen av minstevassføringa i inntaket og tilsiget nedanfor inntaket utgjer restvassføringa. Men til skilnad frå austsida vil elvane på vestsida knapt ha tilsig nedanfor inntaka sidan dei ligg mykje lågare. I Tverradøla, Røykjadøla, Sagarøyelvi og Sperleelvi vil restvassføringa utgjere 4-6 % av gjennomsnittleg vassføring ved samlaupa med Jostedøla/Krundøla. Hompedøla/Kvernelvi vert like vasslause som dei hine elvane i fallet nedanfor inntaka, men noko større tilsig i nedre del gjer at restvassføringa i Myten ved samlaupet med Jostedøla utgjer 39 % av gjennomsnittleg vassføring.
Dei følgjande figurane er henta frå konsesjonssøknaden (s. 36-43) og viser restvassføringa i tre av elvane. Her er figurane frå turrår tekne med. I våte år er skilnaden endå mykje større.

Vassføring i Røykjadøla ved samlaupet med Krundøla. Turråret 1977 jamført med restvassføring etter utbygginga
0 Responses to “Turrlagde elvelaup”