Innlegg frå aksjonsnemnda og frå naturvern- og friluftslivhald

Sogn Avis i dag (18/10) trykkjer i dag innlegget «Objektivitet er ein vanskeleg balansegang» av Thorleif Jakobsen (Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane), Marino J. Ask (Sogn og Fjordane Turlag) og Elisabeth Dahle (Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane). (Sjå under Media.)

Aksjonsnemnda svarar på ein del påstandar i eit anna innlegg, som lyder slik:

Aksjonen mot kraftutbyggingane i Jostedalen

Gledelegnok for debatten har utbyggingstilhengarane no endeleg kome på banen – åtte grunneigarari Sogn Avis laurdag og eit innlegg av Ingar Norberg i dag (17/10).

Nårdet gjeld spørsmåla hans om medlemstal og organiseringa av aksjonsnemnda, la me ut den informasjonen han bad om på nettsida vår alt fredag, så spesielt interesserte kan sjå der.

Når me er bedne om å kommentere kva me trur folk i Jostedalen meiner om kraftutbygginga, har me vore tydelege på at det er delte meiningar om saka. Det sa eg også i Vestlandsrevyen torsdag. Me har dessutan sagt at det varierer frå grend til grend, og at folk ser ut til å vere mest positive i Sperla krins. Men me har også sagt at det verkar som at eit klart fleirtal av dei som har bestemtseg, er mot. Sidan me no er kritiserte for å svare dette når nokon spør oss, kan me godt fortelje kva me byggjer på.

I Leirdalen og Vigdalen har grendelaga sendt inn høyringsfråsegner og elles meldt at alle grunneigarar og fastbuande går mot utbyggingsplanane. I Krundalen skreivi 2009 42 av dei 47 fastbuande på det tidspunktet under mot turrlegging av dei to elvane der (Tverradøla og Røykjadøla). I 2009 låg det òg ei tid ute ein underskriftsaksjon på nettet som aldri var avslutta og aldri følgt opp med papirunderskriftslister (tot 360 underskrifter). Legg ein dette saman med krundalsoppropet og trekkjer frå overlappinga, finn me at 101 fastbuande jostedøler over 16 år skreiv under mot utbygginga på ei tid då saka var langt mindre framme enn no. Dei siste dagane har 45 personar mellom ca 16 og 30 år som er oppvaksne i Jostedalen, Leirdalen og Vigdalen, skrive under eit eige opprop mot utbygginga.

Høyringsfråsegnene til kommunen/NVE talar også sitt tydelege språk. Berre éi av dei kring 25 uttalene er positiv til utbygginga. Tilhengarane har fram til dei siste dagane vore så usynlege at ein skuffa ordførar Torodd Urnes sa dette i formannskapet torsdag: ”Om mange framleis er FOR utbygging i Jostedalen, burde me høyrt mykje meir frå dei.”

Aksjonsnemnda representerer berre seg sjølv og har konsentrert seg om å få fram fakta og argument i saka. Det er vanskeleg å skjøne kva faktagrunnlag somme måtte ha for å dra i tvil det me har sagt ovanfor.

Aksjonsnemnda Vestsida-Vigdøla.no
Bjørn André Skjæret, leiar

0 Responses to “Innlegg frå aksjonsnemnda og frå naturvern- og friluftslivhald”


  • No Comments

Leave a Reply