Svar på spørsmål om aksjonen

Ingar Norberg har sendt oss eit spørsmål på facebook, e-post og i innlegg i Sogn Avis (sjå nedanfor). Her er svaret vårt:

Aksjonen mot kraftutbyggingane i Jostedalen

Ingar Norberg kan godt få nokre tal frå oss. Aksjonsnemnda har dei seks medlemene som sit i nemnda. Rundt 25 personar møtte på det opne møtet vårt 2. juni. Dei valde nemnda og vedtok ei målsetting om å bli medlemsorganisasjon. Det er så langt ikkje følgt opp, og nemnda har vore ein rein informasjonskomité, som er vanleg i slike saker.

I 2009 vart det sett i gang ein underskriftsaksjon i Krundalen som samla 71 personar med tilknytting til Krundalen, av dei 42 av dei 47 fastbuande på det tidspunktet. På same tid vart det sett i gang ein underskriftsaksjon på internett som aldri vart følgt opp skikkeleg og ikkje avslutta. Papirlistene som vart laga til og sende ut, vart aldri brukte. Den amputerte aksjonen samla 361 underskrifter, og legg ein det saman med krundalsoppropet, finn me at totalt 101 ulike jostedøler over 16 år skreiv under. Dette var på ei tid saka var langt mindre framme enn no.

I år har me arbeidd på andre måtar. Me har konsentrert oss om å nå ut med fakta og argument mot utbygginga gjennom nettsida vår og media, og gjennom ein grundig uttale til kommunen/NVE. Me hadde nok rekna med å sjå meir til tilhengarane, og for debatten er det bra at dei no kjem sterkare fram med synspunkta sine. Me veit også at haldninga skifter noko frå grend til grend og at dei midtre delane av dalen (særleg Sperla krins) er meir positive enn dei andre. I Leirdalen og Vigdalen er motstanden massiv, i Krundalen svært sterk.

Men som ein skuffa ordførar Torodd Urnes oppsummerte i formannskapet torsdag: ”Om mange framleis er FOR utbygging i Jostedalen, burde me høyrt mykje meir frå dei.” Sjølv om ingen har meiningsmålingar å vise til, er det vanskeleg å nekte for at det samla biletet er ei tydeleg overvekt av motstandarar i Jostedalen.

Aksjonsnemnda Vestsida-Vigdøla.no

Bjørn André Skjæret, leiar

 

Spørsmål frå Ingar på facebook (13/10, kl 22:17):

Eg opplever ikkje at det er so stor motstand mot utbygginga i Jostedalen som aksjonistane teiknar eit bilete av. Å kjempe mot utbygginga er aksjonistane sin demokratiske rett, men å påstå at fleirtalet av jostedølene som har gjort seg opp ei meining er i mot utbygging, det kan eg ikkje sjå at dei er i nærleiken av å ha grunnlag for. Kor mange medlemmer har aksjonen eigentleg bak seg?

 

Fra: Ingar Norberg [mailto:ingar@norberg.as]
Sendt: 13. oktober 2011 14:51
Til: bskjaeret@hotmail.com; Oddmund Hoel
Emne: VS: Lesarinnlegg til Sogn Avis
Viktighet: Høy

Gode aksjonistar,

Har sendt eit lesarinnlegg til Sogn Avis med ei oppmoding til aksjonsgruppa dykkar. Veit ikkje når det kjem på trykk, men sender det direkte til dykk, slik at de har god tid til å førebu og legge ut informasjonen eg oppmodar om at de gjer kjent, dersom de skulle fylgje mi oppfordring.

Teksten til avisa er slik:

“Eg vil oppmode aksjonsgruppa offentleggjere talet på sine medlemmer, samt deira underskriftslister som viser kor mange fastbuande i Jostedalen som har skrive under på desse, for eksempel på si internettside.”

Mvh
Ingar

5 Responses to “Svar på spørsmål om aksjonen”


  • Takk skal de ha. På underskriftslistene dykkar med totalt 101 underskrifter inngår 42 krundøler som er imot utbygging av Røykjadøla og Tverradøla. Det betyr at det er ein stad mellom 59 og 101 personar i Jostedalen som har skrive under det andre oppropet som går mot alt.

    Litt grovt rekna er talet på innbyggjar over 16 år i Jostedalen ca 350.

  • Det stemmer, det var litt overlapping som er trekt frå i summeringa mellom det fullførte krundalsoppropet og det ikkje fullførte jostedalsoppropet. Det viser fyrst og fremst at folk i langt større grad skriv under når nokon kjem til dei med ei papirliste enn når det ligg ute ei passiv liste på internett som ein sjølv må oppsøkje. Talet ville sjølvsagt ha vore langt høgare i Jostedalen utanom Krundalen dersom papir-underskriftsaksjonen faktisk hadde vorte gjennomført. Men det vart han ikkje, så her har me ikkje eit tal som seier så mykje.

  • Uprzejme pozdrowienia i dzi?ki za wpis – ?wietnie si? go czyta

  • You can certainly see your skills within the article you write.
    The sector hopes for more passionate writers like yoou who are not afraid to say how they believe.
    Always follow your heart.

  • Seksitreffit ei ole perinteinen treffipalvelu vaan pikemminoin seksipörssi,
    josta löytyy kauniota naisia kaikille. Flirttaile siis villisti
    ?a sovi heti tärskyt unelmiesi kumppanin kanssa. He odottavat yleensä, että olet sinkku, mutta ?n eivät aina.

    Feel free t?o visit my web sikte seks sanati

Leave a Reply