Direkte inne frå formannskapsmøtet: Det vart nettopp røysta, og dette framlegget frå Sp og H vart vedteke:
Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar og vil gje uttrykk for at Luster kommune og Jostedal allereie er hardt belasta med kraftutbyggingar. Ut frå ei samla vurdering finn kommunestyret at dei vilkår kommunen er stilt i utsikt, ikkje er tilstrekkelege til at Statkraft Energi AS bør få konsesjon for dei omsøkte utbyggingane.
Framlegget vart støtta av Ivar Kvalen og Sølvi Fretheim Steig (Sp), Terje Bakke Nævdal (Høgre) og Bergljot Buskaker (Ap).
Anders Bolstad (Ap) og ordførar Torodd Urnes (Krf) fremja eit alternativt framlegg som gjekk ut på å tilrå ja til konsesjonssøknaden, men med ein del konsesjonsvilkår som tok utgangspunkt i kommunen sitt framlegg til utbyggingsavtale. Sjå sakspapira til kommunestyremøtet for detaljar.
Nyhendemeldingar om formannskapsmøtet:
- Luster kommune vil ikkje ha meir kraftutbygging i Jostedalen (NRK Sogn og Fjordane)
- Tvilte seg til nei (Sogn Avis)
- Luster kommune si offisielle melding om vedtak og mindretalsframlegg
Gratulerer med ei klok avgjerd. Dette er eit signal frå fleirtalet i formannskapet at den «gamle» kraftleverandørkommunen Luster også må ta si nye rolle som nasjonalparkkommune (i særklasse) meir alvorleg. Berkraftig utnytting av tilnærma urørt natur er eit næringsgrunnlag som berre vil bli viktigare år for år. Luster har mykje å ta igjen som reiselivskommune samanlikna med Stryn, men ein er på rett veg!