Nytt notat om økonomien i kraftutbyggingane

Rådmannen la i går fram eit notat frå Advokatfirmaet Lund &co med oppdateringar av inntektsberekninga frå kraftutbyggingane etter endringane i eigedomsskatten i statsbudsjettet. Konklusjonen er den same som me la ut fredag (+0,5 mill):

Dersom Regjeringens forslag i Statsbudsjettet for 2012 blir gjeldende også etter 2013, innebærer det [at] eiendomsskatteinntektene fra de omsøkte utbyggingene vil kunne øke med om lag 0,5 millioner kroner sammenlignet med dagens situasjon.

Lund & co har likevel eit sterkt atterhald. I og med at reglane for eigedomsskatt kan kome til å bli justert årleg, er det ikkje mogleg å føreta sikre vurderingar av eigedomsskatten for vasskraftverk etter 2013. Og vidare:

Det vil heller ikke være forsvarlig av kommunestyret å bygge på tallene for potensiell eiendomsskatt basert på forslaget for 2013 i sin vurdering.

Notatet gjev elles ei nyttig innføring i det heller kompliserte grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt for kraftverk.

Så langt har det ikkje kome saksdokument som har justert eller stadfesta overslaga våre over kommunen sine samla meirinntekter frå den auka eigedomsskatten frå dei eksisterande kraftverka. Hevinga av ’taket’ vil gje kommunen ei meirinntekt på 2,7 mill kr i 2012 og 8,9 mill kr i 2013 i høve til 2011-nivå, men uvissa er knytt til hevinga av kapitaliseringsrenta (frå 3,3 til 4,5 %) som vil redusere meirinntekta noko frå 2013.

Alle saksdokument til formannskapsmøtet 12. oktober.

1 Response to “Nytt notat om økonomien i kraftutbyggingane”


  • Right here is the right webpage for anyone who wishes to understand this topic.

    You know a whole lot its almost hard to argue with you (not
    that I actually will need to…HaHa). You definitely put a fresh spin on a topic which has been written about for decades.
    Great stuff, just excellent! Maglia leverkusen

Leave a Reply