Statkraft svarar rådmannen

Statkraft sende 7. oktober eit brev til Luster kommune med sitt svar til rådmannstilrådinga (les brevet her). Svaret er formulert i knappe og generelle vendingar, og Statkraft kan ikkje peike på ein einaste konkret feil i saksutgreiinga til rådmannen. Me merkar oss òg at Statkraft ikkje nyttar dette gode høvet til å kome kommunen i møte på eit einaste punkt. Brevet stadfester såleis den manglande forhandlingsviljen som tilrådinga til rådmannen dokumenterer. Me vil i det følgjande ta føre oss påstandane til Statkraft:

Statkraft: Dei to prosjekta det er søkt konsesjon for vil gje stor lokal verdiskaping og betydelege inntekter til fallrettseigarar langs sideelvane og Jostedøla. Dette har ikkje kome klårt og tydeleg nok fram, men det tale om summar på tilsaman mange titals millionar kroner.

Kommentar: Statkraft har gjennom prosessen skapt skyhøge, men høgst diffuse forventningar om kva grunneigarane kan vente seg av erstatningar. Me skal ikkje spekulere i grunnane til dette. Men om det er viktig at det kjem klart og tydeleg fram, er det underleg at Statkraft heller ikkje nyttar dette høvet til å vere meir presis enn å tale i generelle vendingar om ”mange titals millionar”. Oppunder 200 grunneigarar blir berørte av dei to utbyggingane, men det vil bli snakk om svært ulike summar frå grunneigar til grunneigar.

Dei som kjem klart best frå det og åleine kanskje blir sitjande att med brorparten av millionane, er ei handfull grunneigarar som eig fallrettane i Bakkedøla/Kyrkjedøla/Sagarøyelvi. Fordelen deira er at dei har ei alternativ utnytting av fallretten, som er å søkje om konsesjon til eit småkraftverk. I slike tilfelle er det no rettspraksis på at den stipulerte inntekta frå småkraftverket skal leggjast til grunn for fallrettserstatninga (’småkraftmetoden’), og her trur me gjerne det er snakk om fleire titals millionar. Den nøyaktige summen kjenner me ikkje, for me har ikkje tilgang på Norconsult-rapporten som Statkraft har fått laga om økonomien i eit eventuelt småkraftprosjekt. Hovudpoenget er likevel at desse grunneigarane ikkje går glipp av inntekta om det ikkje vert ei utbygging. Dei kan jo då i staden byggje seg eit småkraftverk og tene det same.

For dei resterande ca 190 grunneigarane kan det umogleg vere snakk om fleire titals millionar. Her er det snakk om erstatning etter ’naturhestekraftmetoden’, og ein temmeleg fast rettspraksis fortel då at fallrettane i Vestsida-/Vigdøla-utbyggingane har ein samla verdi på ca 18,35 mill.kr. Frå dette må ein fyrst trekkje frå Bakkedøla/Kyrkjedøla der grunneigarane altså får erstatning etter småkraftmetoden. Så må ein trekkje frå alle fallrettar som tidlegare er kjøpte (mellom 2/3 og 3/4), for i dei tilfella får grunneigarane berre utbetalt mellomlegget mellom dagens takst og opphavleg kjøpesum (+4% årleg rente). Då er vårt overslag at dei samla utbetalingane etter ’naturhestekraftmetoden’ ikkje overstig 10 mill kr. Men dette kan Statkraft leggje fram presise tal på om Statkraft vil.

Ein siste og langt mindre erstatningspost gjeld vederlag for ulemper – gjerdingar som må byggjast, veg/tipp på eigedomen osb.

(Sjå her for utdjupande informasjon.)

Statkraft: Dersom det ikkje blir ei utbygging slik Statkraft har søkt om, så vil kanskje ei utbygging av småkraft bli aktuell. Ei slik utbygging vil gje langt mindre energiproduksjon, mindre inntekter til Luster kommune, og kanskje like store eller større naturinngrep.

Kommentar: På folkemøtet 8. juni ville ikkje Statkraft svare på spørsmål om småkraftverk-alternativa, men det får so vere. Men når dette no vert kasta fram, får ein òg vere meir presis. Det er i praksis snakk om tre småkraftverk, og eitt av dei vert truleg bygt også med ei vestsideutbygging. Dei tre det er snakk om, er Sagarøyelvi, Sperleelvi og Krundøla (Haugen-Gjerde). For Sagarøyelvi vil inntaket kome nedanfor samlaupet Bakkedøla/Kyrkjedøla, altså nede i skogen eit godt stykke nedanfor inntaka til Vestside-tunnelen og bli mindre synleg. Når det gjeld Hompedøla/Kvernelvi, har Statkraft berre vilja by fallrettseigarane erstatning etter ’naturhestekraftmetoden’ ikkje etter ’småkraftmetoden’, og dermed har Statkraft erklært at det er uaktuelt med eit småkraftverk her (for høg utbyggingspris). Når det gjeld Krundøla, vil eit småkraftverk etter alt å døme vere lønsamt også etter at Røykjadøla og Tverradøla er tekne i Vestsideutbygginga. Krundøla har ein stipulert utbyggingspris på 3,2 kr/kWh, og etter at 20 % av vatnet vert borte i Vestside-tunnelen, vil utbyggingsprisen framleis truleg liggje godt under 4 kr/kWh. Den som er usamd i dette, får dokumentere det. (Meir informasjon her.)

Statkraft: Inntekter frå konsesjonskrafta vil frå desse prosjekta tilfalle Sogn og Fj fylkeskommune og vil dermed ha ein positiv verdi for heile fylket, også for Luster kommune.

Prosjekta vil gjere sitt til at Noreg kan oppnå målsetjinga om 13,2 TWh rein fornybar energi innan 2020, og gjennom det bidra i det globale arbeidet mot klimaendringar.

Kommentar: Arbeidarpartiet si talskvinne i Fortun-debatten i kommunestyret 17.2.2011 kom med ei utsegn som me stiller oss heilt og fullt bak: ”Luster kommune bidreg jammen meg med å produsere kraft til fellesskapet, så der trur eg ikkje me skal ha dårleg samvittigheit. Så det er klart at vi må sjå på kva kommunen igjen med lokalt for at ny natur blir berørt og ny natur blir utbygd.” Me kan leggje til at Jostedalen kan ha ekstra godt samvit – her vert det alt produsert 1,3 TWh.

Statkraft: Me legg til grunn at kommunen er kjende med framlegget i statsbudsjettet om ein auke på makstaket for grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt.

Kommentar: Vårt overslag er at hevinga av ’makstaket’ vil auke kommunen sine inntekter frå eigedomsskatten frå Vestsida-/Vigdøla-utbyggingane med kring 0,5 mill kr. Heller ikkje Statkraft vil truleg meine at dette er eit vesentleg nytt moment i saka. Langt meir vesentleg for kommuneøkonomien er det då at hevinga av ’makstaket’ frå 2013 vil gje kommunen auka inntekter frå eksisterande kraftverk på opp mot 9 mill kr over 2011-nivå – det tilsvarar dei samla kommunale inntektene frå meir to Vestside-/Vigdøla-utbyggingar. (Meir informasjon her.)

Statkraft: Det må òg nemnast at ei utbygging vil auke anleggsporteføljen til Statkraft, og at ein på den måten òg vil styrke eit allereie godt grunnlag for Statkraft si verksemd i Luster.

Kommentar: Dersom det her ligg mellom linene at regionkontoret og funksjonane i Gaupne kan vere utsette om det ikkje vert noko av utbyggingane, reknar me med at leiinga for Statkraft i Gaupne for lengst har sendt ei bekymringsmelding til Luster kommune om at regionkontoret er truga, og at det trengst ein politisk innsats for å verne det. Om det ikkje er tilfelle, kan ein trygt sjå bort frå dette som eit relevant argument i denne saka.

Statkraft: Statkraft har gjennom heile prosessen hatt ein konstruktiv og positiv dialog med Luster kommune, også når det gjeld ein eventuell utbyggingsavtale. At det er sakleg usemje om innhaldet i og omfanget av ein slik avtale endrar ikkje dette faktum.

Kommentar: Glimrande – hald på den gode stemninga! Me tykkjer òg det er trivelege folk, interessante diskusjonar og konstruktiv og positiv dialog i alle retningar i denne saka. Men det hindrar ikkje at den saklege usemja er svært stor.

5 Responses to “Statkraft svarar rådmannen”


  • Howdy I am so delighted I found your site, I really found you by error,
    while I was searching on Bing for something else, Anyhow I am here
    now and would just like to say kudos for a remarkable post and a
    all round enjoyable blog (I also love the theme/design),
    I don’t have time to look over it all at the moment
    but I have bookmarked it and also added in your RSS
    feeds, so when I have time I will be back to read
    a great deal more, Please do keep up the excellent jo.

  • Agora vou adicionando a farinha e leite aos poucos sempre intercalando e
    sem parar de bater a massa, faço isso até adicionar os 2 ingredientes por inteiro
    e a massa ficar bem homogênea.

  • Excesso de peso é principal fator de risco para diabetes gênero de 2.
    A associação entre obesidade e diabetes classe 2 é tão poderoso,
    que muitos pacientes podem até deixar de serem diabéticos se
    conseguirem emagrecer.

  • I know this web page presents quality dependent articles or
    reviews and other stuff, is there any other web site which provides such data in quality?

  • Vielen Dank für die verheißungs Dokument. Es war in deer Tat ein Freizeitkonto ist.

    Schauen fortgeschritten mehr angenehm von Ihhen hinzugefügt!
    Übrigens Wie konnte kommunizieren wir?

Leave a Reply