Rådmannen tilrår ikkje utbygging

Dei fleste som følgjer med på saka, har nok fått med seg at rådmannen går imot utbyggingsplanane. Tilrådinga hans til formannskapsmøtet 12. oktober kom onsdag 5. oktober, og framlegget til vedtak lyder ganske enkelt slik:

Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar og kan ikkje tilrå at Statkraft Energi AS får konsesjon for:
1. Utbygging av Vigdøla kraftverk.
2. Overføring av Vestsideelvane og heving av Tunsbergdalsdammen.

Saksutgreiinga er på 19 sider, og ein bør ta seg tid til å lese ho om ein er interessert i saka. Dei sentrale peikarane og dokumenta i saka er her:

Hovudpunkta i argumentasjonen til rådmannen er om lag slik (vårt referat): Luster og særleg Jostedalen er alt kraftig prega av kraftutbyggingar, og den attverande urørte vassdragsnaturen har stor verdi, både som turområde og turistmål, særleg for seinare generasjonar. Dei samla miljøverknadene av utbyggingane er difor uakseptable. Kommunen har alt nådd taket både på eigedomsskatten og konsesjonskrafta som kommunen kan ta ut, og den tredje store inntektskjelda – naturressursskatten – går inn i inntektsutjamninga mellom kommunen. Dette vil seie at dei samla inntektene som kommunen har lovmessig krav på, vil vere små (mellom 2,5 og 4,6 mill kr årleg). Luster er ein distriktskommune som er avhengig av å drive aktiv næringsutvikling for å sikre folketal og næringsaktivitet. Kommunen vil i utgangspunktet få svært lite att for å leggje band på noko av den siste urørte vassdragsnaturen, og som kompensasjon har kommunen difor invitert Statkraft til forhandlingar om ein utbyggingsavtale. Kommunen kravde her eit næringsfond på 50 mill kr (utbyggingane har samla investeringsbudsjett på 643 mill kr). Statkraft har kome med tilbod om eit næringsfond på berre 5 mill kr. Rådmannen oppsummerer at Statkraft ikkje har påteke seg noko som ein ikkje kan rekne med vert pålagt gjennom NVE si konsesjonshandsaming. Unntaket er ei eingongsoppreinsking i Jostedøla/Krundøla som avgrensar seg til 2,5 mill kr. Etter dette havarerte forhandlingane mellom kommunen og Statkraft.

For vår del er dei uakseptable miljøverknadene og dei framtidige negative konsekvensane for det aktivitetsbaserte reiselivet dei klart viktigaste grunnane til at me seier nei. Når det gjeld dei økonomiske sidene, vil det vere oppsiktsvekkjande om eit politisk fleirtal i Luster kommune aksepterer den husmannskontrakten Statkraft har lagt fram.

Det vil ein få svar på dei neste dagane. Måndag 10. oktober har Arbeidarpartiet og Senterpartiet medlemsmøte om saka. Onsdag 12. oktober skal saka opp i formannskapet, og 18. oktober skal kommunestyret gjere endeleg vedtak om kommunen si haldning til utbygginga.

0 Responses to “Rådmannen tilrår ikkje utbygging”


  • No Comments

Leave a Reply