(Oppdatert 9.10.)
Regjeringa har gjort framlegg om ei endring i skattlegginga av kraftverka som vil gje Luster kommune om lag 8,9 mill kr i auka inntekter frå 2013. Endringa vil likevel ha minimalt å seie for dei kommunale inntektene frå Vestside- og Vigdøla-utbyggingane.
I statsbudsjettet som kom torsdag 6. oktober, gjer regjeringa framlegg om å endre reglane for den kommunale eigedomsskatten på kraftverk. Sidan 2004 har det vore maksimums- og minimumsverdiar for skatteverdien av kraftverk samstundes som kraftprisen har auka mykje. Det har ført til at alle dei store kraftverka i Luster har nått ’taket’ og at eigedomsskatten som Luster kommune får frå desse kraftverka, ikkje aukar trass i at verdien av kraftverka aukar. Dette har i røynda ført til at store verdiar er overførte frå kraftkommunane til eigarane av kraftverka (hjå oss Hydro og Statkraft).
Regjeringa gjer no framlegg om å heve den øvre grensa slik at kraftkommunane får noko meir (420 mill kr over 2 år) i eigedomsskatt frå kraftverka. Regjeringa vil ikkje fjerne den øvre grensa, men auke ho med 5 % i 2012 og ytterlegare 11 % i 2013. Luster kommune budsjetterte for 2011 med 54 mill kr i eigedomsskatt frå kraftverka. Skatteendringa vil dermed gje Luster ein auke på ca 2,7 mill kr i 2012 og ca 8,9 mill kr i 2013 i høve til 2011-nivået. Tala for 2013 vil truleg bli noko mindre som utslag at kapitaliseringsrenta vert endra frå 3,3 til 4,5 %, men det er det ikkje rekna på. Ei fjerning av maksimalgrensa utan endring av kapitaliseringsrenta ville til samanlikning ført til ein inntektsauke for Luster på 29 mill kr.
Rådmannen reknar i si utgreiing med at både Vigdøla- og Vestsideutbygginga vil nå den gjeldande maksimalgrensa alt frå fyste år. Dei to utbyggingane vil då gje kommunen ein årleg eigedomsskatt på 3 mill kr. Med den føreslegne auken i maksimalgrensa (5% frå 2012, ytterlegare 11 % frå 2013) vil dette gje 3,5 mill kr i eigedomsskatt, altså ein inntektsauke på berre 500 000 kr for kommunen. Føresetnaden er då at båe utbyggingar når maksimalgrensa alt frå fyrste år.
Me reknar med at LVK og Luster kommune vil finrekne på dette og raskt kome opp med eit meir gjennomarbeidd reknestykke.
Konklusjonane er likevel temmeleg klare: Denne mindre justeringa av skattereglane vil frå 2013
* ha minimalt å seie for kommunen sine inntekter frå Vestside- og Vigdøla-utbyggingane.
* gje kommunen mest dobbelt så mykje i årlege inntekter frå dei eksisterande kraftverka som dei samla inntektene frå dei nye utbyggingane vil gje.
Les meir
Statsbudsjettet 2012 – Makstaksaken (LVK 7.10.2011)
Ein liten kommentar/spørsmål som ikkje endrar på konklusjonane, men slik eg forstår det vert taket heva med ytterlegare 11% i 2013, altso totalt 16%. Det betyr vel at kommunen frå då av får minst 8,6 mill meir pr. år enn idag og for Vestsida-Vigdøla ville det utgjere 480 000?
Mange takk, du har heilt rett! I skatteproposisjonen står det på s. 163: «Regjeringen foreslår at maksimumsgrensen økes med 5 pst. i eiendomsskatteåret 2012 og ytterligere med 11 pst. i eiendomsskatteåret 2013 samt at kapitaliseringsrenten settes til 4,5 pst. i inntektsåret 2011 (eiendomsskatteåret 2013).» Dei nye maksimalgrensene på sida etter er ikkje til å mistyde. Me skal få retta opp dette ovanfor.
I «Meir eigedomsskatt frå kraftverk, men minimal verknad for Vestsida/Vigdøla» står det at dagens makstak på eigedomsskatt på krafverk gjer at store verdiar kvart år vert overført frå vertskommunane for kraftverk til eigarane av kraftverka. I skatteproposisjonen som regjeringa la fram sist veke (Prop. 1 LS Skatter, avgifter og toll 2012) går det fram at av dei om lag 100 mill. kronene som samla vil koma vertskommunane til gode i 2012 som følgje av at makstaket vert føreslått heva med 5. pst, vil staten (hovudsakleg som følgje av å vera innkrevjar av inntektsskatt og grunnrenteskatt på store kraftverk) åleine få 75 mill. kroner i lågare inntekter (provenytap). Eigedomsskatten kjem til frådrag i inntektsskatten og i grunnlaget for utrekning av grunnrenteskatt. Grunnrenteskatt er ein ekstraskatt på store vasskraftverk fordi desse verka oppnår ei ekstraordinær forteneste som følgje av utnyttinga av ein naturressurs (her: nedbør).
Det er m.a.o. staten (både som skatteinnkrevjar i tillegg til å vera eigar av den Noregs største kraftprodusent Statkraft og største eigar i Norsk Hydro) som verkeleg tener på dagens makstak. Kvart år tapar vertskommunane for kraftverk fleire hundre millionar kroner på dagens særordning for verdsetjing av kraftverk (makstaket), medan staten på si side årleg tener fleire hundre millionar kroner på denne prinsipplause ordninga.
Eg tykkjer det er flott at de arbeider for at staten ved Statkraft ikkje skal få konsesjon til å gjera ytterlegare naturinngrep i Luster kommune når ikkje innbyggjarane ved kommunen ein gong får ein rettvis økonomisk kompensasjon for eit slikt stort naturinngrep.
Korrigering av siste setning:
Eg tykkjer det er flott at de arbeider for at staten ved Statkraft ikkje skal få konsesjon til å gjera ytterlegare naturinngrep i Luster kommune når ikkje innbyggjarane ved kommunen ein gong får ein rettvis økonomisk kompensasjon for dei store naturinngrepa som tidlegare er gjort i samband med kraftutbyggingar i kommunen.