Nei til utbygging av Røykjadøla og Tverradøla (Sogn Avis 4.10.)

Fire krundøler hadde dette innlegget på prent i Sogn Avis 4. oktober (pdf-versjon med bilete):

Nei til utbygging av Røykjadøla og Tverradøla

Statkraft har søkt om konsesjon for å overføre åtte elvar på vestsida av Jostedalen til magasinet i Tunsbergdalen. To av desse elvane er Røykjadøla og Tverradøla i Krundalen, som vil bli tekne med bekkeinntak på ca kote 520-540 midt oppe i dalsida.

I 2009 skreiv 71 personar med tilknyting til Krundalen under mot planane, mellom anna 42 av 47 fastbuande. Motstanden er like fast i dag, og me oppmodar Luster kommune, NVE og regjeringa om å seie nei til konsesjonssøknaden.

Røykjadøla og Tverradøla er dei to mest synlege og mektige sideelvane ein kan sjå frå busetnadsområdet i Krundalen. Ingen av elvane i dalen er utbygde per i dag, og det er ingen andre større inngrep i naturen og kulturlandskapet i Krundalen ut over dei spora tradisjonelt småskalalandbruk har sett. Røykjadøla ligg dessutan tett attmed ein av dei mest brukte turstiane i området – den gamle stølsvegen til Røykjadalen. Dette er òg ein vanleg oppgang til lengre fjellturar og til Jostedalsbreen og nasjonalparken.

Dei to elvane er i dag naturlege barrierar mellom beiteområda i Krundalen. Det er mykje sau på beite om sommaren, og sauebøndene vil få problem med at dyra reiser ut av beiteområdet. Dette er snakk om skredutsette og snøtunge fjellsider der det vil vere eit stort årleg meirarbeid å vedlikehalde gjerdingane.

Omsyna til landbruk, friluftsliv, reiseliv og opplevingane til framtidige generasjonar må i denne saka få gå framfor kraftutbyggingsinteressene.

John Grov, Reidar Kreken, Edvin Brun og Vidar Aasen

0 Responses to “Nei til utbygging av Røykjadøla og Tverradøla (Sogn Avis 4.10.)”


  • No Comments

Leave a Reply