Nok kraftutbygging i Jostedalen no (Sogn Avis 31.8.)

Aksjonsnemnda hadde følgjande innlegg på prent i Sogn Avis 31. august. (Sjå avisoppslaget her.)

Nok kraftutbygging i Jostedalen no

Statkraft har søkt om konsesjon for å byggje ut åtte uregulerte elvar på vestsida av Jostedalen og nedre del Vigdøla. Det bør ikkje Statkraft få lov til.

Vassdraga i Jostedalen er alt hardt utbygde. Austsida av dalen vart utbygd i 1980-åra frå Styggevatnet til Vigdalen. Heile 22 bekkeinntak tek vatnet frå alle større sideelvar i Jostedalen på denne strekninga. På vestsida ligg alt Leirdøla kraftverk og Tunsbergdalsmagasinet. Statkraft vil no ta dei åtte sideelvane frå og med Myklemyr til og med Tverradøla i Krundalen inn i dette magasinet. Vert planane gjennomførte, vil elva frå Nigardsbreen vere den einaste uregulerte på den 20 km lange strekninga med busetnad i bygda. Resultatet vil vere skjemmande turrlagde elvelaup under inntaka på ca 520 m.o.h., altså midt i dalsida.

Jostedalen bør sparast mot fleire større inngrep av denne typen. Mange av dei utbyggingstruga elvane ligg i mykje brukte turområde. Dette er ein stor ressurs både for fastbuande, reiselivet og framtidig tilflytting. Vestsideelvane ligg i beltet mellom busetnaden og Jostedalsbreen nasjonalpark. For friluftslivet og folket i bygda er det særs viktig å ha eit slikt samanhengande turområde frå dalbotnen til breplatået der naturen og dei tradisjonelle stølsområda har unngått nyare større inngrep. Turområde med inngrep har bygda nok av. Vert elvane borte, må dei erstattast av hegningar. Det vil òg gjere området mindre attraktivt til turbruk både sommar og vinter.

Me ønskjer at dei komande generasjonane skal få høve til å oppleve frittrennande elvar nær busetnaden i bygda. Me ønskjer òg at dei komande generasjonane skal ha att turområde som dei veksande aktivitetsbedriftene i reiselivet kan nytte seg av. Lett tilgjengeleg inngrepsfri natur vil bli stadig meir etterspurd. Turområde prega av store inngrep har Jostedalen nok av.

I Vigdøla er det snakk om å utnytte det vatnet som vart att etter førre utbygging, og i Leirdalen skal Tunsbergdalsdammen hevast med 4 meter. Inngrepa i desse dalane er store nok som dei er om dette ikkje skal kome på toppen.

Det sterkaste lokale argumentet for utbygginga har vore flaumsikringa som ligg i å temje nokre elvar som tidlegare har valda stor skade. Men den planlagde utbygginga vil ha minimal flaumdempande effekt fordi inntaka og tunnelen ikkje vil ta unna meir enn ein brøkdel av vatnet i ein flaumsituasjon. Behova for andre flaumsikringstiltak i elvane vil såleis vere dei same med og utan utbygginga.

Reguleringane vil føre til at Jostedøla får kaldare vatn. Etter den førre utbygginga gjekk temperaturen ned og er no på den kritiske grensa for sjøauren. Marginane er små, og ytterlegare temperaturfall kan få store negative konsekvensar for fiskebestanden og elvefisket.

Me oppmodar såleis både Luster kommune, andre høyringsinstansar, NVE og regjeringa til å seie eit klart nei til utbyggingsplanane.

For Aksjonen Vestsida-Vigdøla.no

Bjørn André Skjæret, leiar
Karin Bakke, Steinar Bruheim, Ingeborg Hess Elgersma, Britt Kristin Ese, Oddmund L. Hoel

0 Responses to “Nok kraftutbygging i Jostedalen no (Sogn Avis 31.8.)”


  • No Comments

Leave a Reply