Kring 25 personar møtte fram torsdag 2. juni på skipingsmøtet for aksjonen. Meir informasjon følgjer etter kvart, men dei sentrale punkta var:
Følgjande aksjonsnemnd vart vald: Bjørn Andre Skjæret (leiar), Karin Bakke (nestleiar), Ingeborg Hess Elgersma (sekretær), Kristin Kronen, Steinar Bruheim og Oddmund L. Hoel (kan bli supplert).
Per Flatberg, sentralstyremedlem i Naturvernforbundet, stilte spørsmålet «Trenger vi mer kraftutbygging i Norge?» og gav ei nyttig innføring i fakta og argumentasjon kring vasskraftutbyggingar. Presentasjonen hans ligg her.
Oddmund L. Hoel orienterte om utbyggingsplanane, opplegget for møtet, kva som skjer framover og planane for ei aksjonsnemnd. Presentasjonen hans ligg her.
Møtelyden slutta seg til det utsende aksjonsgrunnlaget og kom med ein del innspel til utdjupingar og presiseringar som aksjonsnemnda fekk fullmakt til å innarbeide.
Aksjonen vart formelt skipa i tråd med hovudprinsippa i dei framlagde planane. Inntil vidare vert namnet på aksjonen som før «Vestsida-Vigdøla.no» (Aksjon mot statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen), men aksjonsnemnda vurderer dette etter innspela som kom. Det vert vurdert seinare om det er behov for vedtekter.
Bra!