Archive for the 'Vigdalsaksjonen' Category

Vigdøla – vassdragstreff og «Redd elvane»

Vassdragstreffet i Vigdalen 16.-17. august samla eit tjuetals deltakarar, både lokale og tilreisande. Vigdøla er eitt av tolv utbyggingsprosjekt i landet som kampanjen «Redd elvane» ser det som særleg viktig å hindre av dei kring 800 konsesjonssøknadene som ligg i NVE. Bak «Redd elvane» står Natur og Ungdom, Norges Padlerforbund, Naturvernforbundet og Den Norske Turistforening ved DNT Ung.

Statkraft opplyste på møtet at NVE ikkje reknar med å ha innstillinga si (til Olje- og energidepartementet) klar før nærare jul.

Les meir:

Vigdøla-utbygginga – status

Statkraft søkte i 2011 om konsesjon til å byggje Vigdøla kraftverk. Kraftverket skal utnytte vatnet under ca 1200 m.o.h. som ikkje alt går i Jostedal kraftverk. Det nye kraftverket vil ha inntak på ca 605 m.o.h. (Skitnamyrtjønni) og produsere 48 GWh/år.

Sidan dette er «storkraft» (over 40 GWh/år), er det regjeringa som avgjer konsesjonssøknaden. NVE si tilråding til Olje- og energidepartementet er venta over sommaren. NVE heldt si synfaring 15. august i fjor.

For fakta og argument om Vigdøla-utbygginga, sjå:

Både Fylkesmannen, Luster kommune og Vigdal grendelag har gått mot utbygginga. Naturvernforbundet har nyleg peika ut Vigdøla som ei av tolv kraftutbyggingar i Noreg det er særleg viktig å unngå (sjå nettside og brosjyre).

Vassdragstreff – Vigdøla 16.-18. august 2013

Vigdal Grendelag og Naturvernforbundet skipar til vassdragstreff i Vigdalen fredag 16.-sundag 18. august. Samlinga er open for alle og er eit framifrå høve til å lære meir om natur- og kulturverdiane i Vigdalen og konsekvensane av endå ei kraftutbygging i Vigdøla.

Treffet vert halde på grendehuset i Vigdalen (gamleskulen) og opnar fredag kl 18:30. Det vert program utover kvelden. Laurdag kl 10:00 held det faglege programmet fram i grendehuset, og kl 12:00 vert det naturgledetur i Vigdalen med Stein Bugge Næss som turleiar. Laurdag kveld vert det middag og underhaldning. Treffet vert avslutta med frukost sundag morgon.

Sjå nettsida til Naturvernforbundet for detaljert og oppdatert program og informasjon om påmelding og anna praktisk.

Vel møtt!

Vigdølene i Sogn Avis

SAAksjonane for Vigdøla har i dag fått brei og fin omtale i Sogn Avis. Sigrun Vigdal og Jenny Fossøy er intervjua. (Ikkje på nettet.)

Steinar Bruheim er intervjua om Sota-turen. Positiv melding frå Statsministerens kontor i går ettermiddag: me får møte ein regjeringsmedlem på Sota fredag, truleg i 13-14-tida. Det vert klart seinare om det blir Stoltenerg, Halvorsen, Navarsete eller Solheim. Dei som går over, får følgje bussen tilbake fredag ettermiddag, så det trengst ikkje privat transport.