Archive for the 'Allment' Category

Page 3 of 4

Kan bli kritisk for sjøauren

«Jostedøla står etter vår meining på kanten av stupet. Elva er så spesiell at ei temperatursenking som i dei aller fleste vassdrag hadde vore heilt uproblematisk, her kan få store uheldige konsekvensar. Me meiner at den omsøkte utbygginga derfor ikkje kan gjennomførast.»

Dette skriv Luster jakt og fiskelag og Norges Jeger og Fiskerforbund Sogn og Fjordane i høyringsfråsegna si. Dei er ikkje nådige mot fagrapporten om fisk som Statkraft fekk laga i konsekvensutgreiinga. Les den grundige høyringsfråsegna.

Sogn Villaksråd er òg svært uroa for konsekvensen for fisken, sjå NRK Sogn og Fjordane 17.8.

Høyringsfristen utsett – høyringsfråsegner

Høyringsfristen til NVE på konsesjonssøknadene for Vestsideutbygginga og Vigdøla kraftverk gjekk ut 15. august. Aksjonsnemnda, Jostedal bygdelag og fleire av reiselivsføretaka i Jostedalen har bede om at fristen vert utsett. NVE svara positivt på dette 16.8.: «Nve har forståelse for dette og venter høringsinnspill innen 15.10.11

Me har no lagt ut høyringsfråsegnene frå 2009, sjå Høyringsfråsegner Vestsida og Høyringsfråsegner Vigdøla.

Grunneigar-erstatningane

Aksjonsnemnda har fanga opp at det er ein del uvisse kring erstatningane til grunneigarane i samband med Statkraft-prosjekta. Nokre eventyrlege rykte om erstatningssummane er òg i omlaup.  Grunneigarane sjølve og deira rådgjevarar og advokatar finn nok ut av dette, og dette er ikkje noko aksjonsnemnda vil leggje seg oppi. Me har likevel laga ei side under «Fakta og argument» med noko grunnleggjande informasjon om spørsmålet, sjå Kva tener grunneigarane?

Bekkeinntaka – bilete og kart

Visualisering av bekkeinntaka nedanfor Sperlestølen. Vassdøla til venstre og Liadøla til høgre. Planlagd minstevannføring er ikkje vist. (Kjelde: Statkraft, konsesjonssøknaden, s. 121)

Visualisering av bekkeinntaka nedanfor Sperlestølen. (Kjelde: Statkraft)

Me har no laga eigne sider for alle dei åtte vestsideelvane med bilete og kart der inntaka er markerte, sjå undersidene til Turrlagde elvelaup. Så langt er det meste henta frå konsesjonssøknaden og fagrapportane. Biletmaterialet er lite og skrøpeleg i lys av dei store konsekvensane og at søknaden og rapportane utgjer mange hundre sider. Berre to bilete har visualiseringar av korleis bekkeinntaka vil sjå ut i terrenget (Vassdøla/Liadøla og Bakkedøla).

Me oppmodar difor alle som har gode bilete av elvane om å sende dei til oss eller leggje dei ut på nettet sjølv. Det er interessant både korleis elvane ser ut på avstand frå ulike vinklar nede i bygda (vegen), på avstand frå dei sentrale turmåla på austsida og på nært hald nede i gardsområda og langs turstiane. Om nokon vil lage visualieringar av bekkeinntaka og elvelaupa etter utbygginga, er det òg nyttig (inntak på kote 520).

Fakta- og argumentsamling under arbeid

Ein ny seksjon på nettstaden er lagt ut dei siste dagane: «Fakta og argument«. Ein god del er publisert, og meir kjem. Her finn du både ein del grunnleggjande fakta kring utbygginga, informasjon om dei uheldige sidene ved utbyggingplanane og argument mot utbygginga.

Saknar du argument FOR utbygginga, finn du rikeleg av dei i konsesjonssøknadene som me uansett tilrår å lese.

Kom gjerne med tilbakemeldingar av alle slag!

Aksjonsgrunnlaget

På aksjonsmøtet 2. juni vart aksjonsgrunnlaget frå 2009 drøfta, og no har nemnda revidert det. Du finn aksjonsgrunnlaget her.

Og dei som ikkje fekk med seg Sogn avis sitt oppslag 11. juni om folkemøtet til NVE 8. juni, kan lese det her.

No kan ein melde seg inn i aksjonen

Alle som vil kan no melde seg inn i aksjonen – kr 100 per år.
Konto (Luster sparebank): 3785.11.59100
Det er òg fullt mogleg å støtte aksjonen økonomisk utan å melde seg inn.

Folkemøte ons 8. juni kl 19.00

Annonsen i Sogn Avis i dag fortel at det blir ope folkemøte i samband med konsesjonssøknadene for Vigdøla og vestsida/Tunsbergdalsdammen onsdag 8. juni klokka 19.00 i Jostedal samfunnshus.

Det står: «På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, og søkjar [Statkraf] vil gejre greie for konsekvensane ved ei eventuell utbygging.» Her bør såleis interesserte møte opp og stille dei spørsmåla og lufte dei synspunkta dei måtte ha om utbygginga.

Møtet er korkje kunngjort på NVE eller Luster kommune sine nettsider, så fleire har gjennom helga spurt oss om det blir noko av møtet. Og det blir det altså.

Aksjonen formelt skipa

Kring 25 personar møtte fram torsdag 2. juni på skipingsmøtet for aksjonen. Meir informasjon  følgjer etter kvart, men dei sentrale punkta var:

Følgjande aksjonsnemnd vart vald: Bjørn Andre Skjæret (leiar), Karin Bakke (nestleiar), Ingeborg Hess Elgersma (sekretær), Kristin Kronen, Steinar Bruheim og Oddmund L. Hoel (kan bli supplert).

Per Flatberg, sentralstyremedlem i Naturvernforbundet, stilte spørsmålet «Trenger vi mer kraftutbygging i Norge?» og gav ei nyttig innføring i fakta og argumentasjon kring vasskraftutbyggingar. Presentasjonen hans ligg her.

Oddmund L. Hoel orienterte om utbyggingsplanane, opplegget for møtet, kva som skjer framover og planane for ei aksjonsnemnd. Presentasjonen hans ligg her.

Møtelyden slutta seg til det utsende aksjonsgrunnlaget og kom med ein del innspel til utdjupingar og presiseringar som aksjonsnemnda fekk fullmakt til å innarbeide.

Aksjonen vart formelt skipa i tråd med hovudprinsippa i dei framlagde planane. Inntil vidare vert namnet på aksjonen som før «Vestsida-Vigdøla.no» (Aksjon mot statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen), men aksjonsnemnda vurderer dette etter innspela som kom. Det vert vurdert seinare om det er behov for vedtekter.

Innbeding til møte 2. juni 2011

Alle interesserte er velkomne på møte torsdag 2. juni 2011 klokka 19 på Jostedal hotell.
Føremålet er å oppattskipe aksjonen mot Statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen.

Program:
* «Me treng ikkje meir kraftutbygging i Noreg», innleiing ved Per Flatberg, Naturvernforbundet
* Orientering om Statkraft sine utbyggingsplanar for Vestsideelvane og Vigdøla
* Aksjonsgrunnlag
* Val av aksjonsnemnd

Kontaktpersonar:
* Steinar Bruheim, s-bruh (a) online.no,  991 04 426
* Bjørn Andre Skjæret, bskjaeret (a) hotmail.com, 481 20 284
* Oddmund L. Hoel, oddmund (a) krundalen.no, 970 21 194

Bakgrunn
I 2009 kom den formelle meldinga om at Statkraft var i gang med konsesjonssøknader for å overføre dei åtte vestsideelvane til Tunsbergdalsmagasinet og heve dammen der, og for å regulere den nedre delen av Vigdøla. Høyringa den gongen gald kva som skulle konsekvensutgreiast. Det kom i stand ein lausleg aksjon mot planane, som eit uttrykk for den store skepsisen i Jostedalen.

No ligg Statkraft sine konsesjonssøknader for dei to prosjekta på bordet, og høyringsfristen er 15. august. Saka no gjeld såleis å ta stilling til om Statkraft skal få lov til byggje ut desse elvane eller ikkje. Me er fleire som ønskjer å arbeide mot at Statkraft får konsesjon.

Den 8. juni skal NVE halde det offisielle folkemøtet i Jostedalen, som er ein lovfest del av høyringsprosessen.

Framlegg til aksjonsgrunnlag

Nei til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane og Vigdøla

Statkraft vil byggje ut åtte urørte elvar på vestsida av Jostedalen og nedre del av Vigdøla. Me seier nei til desse planane fordi:

• Vassdraga i Jostedalen er alt hardt utbygde og bør sparast mot fleire større inngrep. Vert Statkraft-planane gjennomførte, vil elva frå Nigardsbreen vere den einaste urørte på den 20 km lange strekninga med busetnad i bygda. Dette vil ta frå komande generasjonar høvet til å oppleve urørt natur og frittrennande elvar nær busetnaden i bygda.
• Friluftslivet og naturen er viktig både for dei fastbuande i Jostedalen, turistar og for framtidig tilflytting. Vestsideelvane ligg i beltet mellom busetnaden og Jostedalsbreen nasjonalpark. For friluftslivet og folket i bygda er det særs viktig å ha eit slikt samanhengande turområde frå dalbotnen til breplatået der naturen og dei tradisjonelle stølsområda har unngått nyare større inngrep. Turområde med inngrep har bygda nok av.
• Trass i at den øvre delen alt er utbygt, er Vigdøla framleis ei flott og frisk elv gjennom gardsområda i Vigdalen og gjelet ned til samløpet med Jostedøla. Fossestryka ned mot dalbotnen er av dei karakteristiske i Jostedalen. Vatnet som no er att i Vigdøla, må få renne fritt.
• Vestside-utbygginga vil føre til at Jostedøla vil få kaldare vatn, noko som kan få negative konsekvensar for livet i elva og elvefisket. Her må føre-var-prinsippet leggjast til grunn.
• Vestsideelvane utgjer i dag viktige naturlege hindringar for beitedyr. Det vil vere særs uheldig særleg for sauebøndene om ein må erstatte elvane med hegningar i skredutsett terreng.
• Jostedalen er alt storprodusent av rein vasskraft for storsamfunnet. Kraftbehovet i framtida må dekkjast på andre måtar enn å øydeleggje endå meir jostedalsnatur.

Meir informasjon
Vestsideelvane og Vigdøla kraftverk - Statkraft si side med informasjon, konsesjonssøknader og konsekvensutgreiingar
Vestsideelvane - NVE si side om høyringa
Vigdøla - NVE si side om høyringa