Archive for the 'Allment' Category

Page 2 of 4

Formannskapet seier nei

Direkte inne frå formannskapsmøtet: Det vart nettopp røysta, og dette framlegget frå Sp og H vart vedteke:

Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar og vil gje uttrykk for at Luster kommune og Jostedal allereie er hardt belasta med kraftutbyggingar. Ut frå ei samla vurdering finn kommunestyret at dei vilkår kommunen er stilt i utsikt, ikkje er tilstrekkelege til at Statkraft Energi AS bør få konsesjon for dei omsøkte utbyggingane.

Framlegget vart støtta av Ivar Kvalen og Sølvi Fretheim Steig (Sp), Terje Bakke Nævdal (Høgre) og Bergljot Buskaker (Ap).

Anders Bolstad (Ap) og ordførar Torodd Urnes (Krf) fremja eit alternativt framlegg som gjekk ut på å tilrå ja til konsesjonssøknaden, men med ein del konsesjonsvilkår som tok utgangspunkt i kommunen sitt framlegg til utbyggingsavtale. Sjå sakspapira til kommunestyremøtet for detaljar.

Nyhendemeldingar om formannskapsmøtet:

Innlegg av Kristen Øyen (Sogn Avis 12.10.)

- Som avslutning vil eg slå fast at Statkraft sine planar for utbygging vil gi skadeverknader for miljøet og næringslivet i Jostedal, og ville blitt ei svært stor totalbelastning for heile dalen. Utbygging ville også ha ført til skadeverknader for nasjonale miljøverdiar og spesielt for det største isbrelandskapet i fastlandseuropa. Vidare utbygging ville også være til skade for norsk reiseliv generelt og spesielt for reiselivet på Vestlandet.

Det skriv Kristen Øyen, Myklemyr, i eit innlegg i Sogn Avis i dag. Les innlegget.

Høyringsuttaler og medieoppslag

I morgon skal kraftutbyggingssaka opp i formannskapet, og det har kome inn ei rekkje høyringsfråsegner til kommunen. Det har òg vore aukande omtale av saka i media (hovudsakleg Sogn Avis), seinast i dag. Me har no oppdatert oversikta over medieoppslag og høyringsfråsegner (både dei som er for og dei som er mot utbygging).

Dagens redaksjonelle oppslag om saka i Sogn Avis: Dalen mobiliserer mot utbyggjaren.

Nytt notat om økonomien i kraftutbyggingane

Rådmannen la i går fram eit notat frå Advokatfirmaet Lund &co med oppdateringar av inntektsberekninga frå kraftutbyggingane etter endringane i eigedomsskatten i statsbudsjettet. Konklusjonen er den same som me la ut fredag (+0,5 mill):

Dersom Regjeringens forslag i Statsbudsjettet for 2012 blir gjeldende også etter 2013, innebærer det [at] eiendomsskatteinntektene fra de omsøkte utbyggingene vil kunne øke med om lag 0,5 millioner kroner sammenlignet med dagens situasjon. Continue reading «Nytt notat om økonomien i kraftutbyggingane»

Uttale til kommunen

Aksjonsnemnda har i dag sendt følgjande uttale til Luster kommune og dei politiske partia i Luster. Fleire av partia skal ha møte om saka i morgon, måndag.

Last ned uttale frå aksjonsnemnda til kommunen (pdf)

Statkraft svarar rådmannen

Statkraft sende 7. oktober eit brev til Luster kommune med sitt svar til rådmannstilrådinga (les brevet her). Svaret er formulert i knappe og generelle vendingar, og Statkraft kan ikkje peike på ein einaste konkret feil i saksutgreiinga til rådmannen. Me merkar oss òg at Statkraft ikkje nyttar dette gode høvet til å kome kommunen i møte på eit einaste punkt. Brevet stadfester såleis den manglande forhandlingsviljen som tilrådinga til rådmannen dokumenterer. Me vil i det følgjande ta føre oss påstandane til Statkraft: Continue reading «Statkraft svarar rådmannen»

Rådmannen tilrår ikkje utbygging

Dei fleste som følgjer med på saka, har nok fått med seg at rådmannen går imot utbyggingsplanane. Tilrådinga hans til formannskapsmøtet 12. oktober kom onsdag 5. oktober, og framlegget til vedtak lyder ganske enkelt slik:

Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar og kan ikkje tilrå at Statkraft Energi AS får konsesjon for:
1. Utbygging av Vigdøla kraftverk.
2. Overføring av Vestsideelvane og heving av Tunsbergdalsdammen.

Saksutgreiinga er på 19 sider, og ein bør ta seg tid til å lese ho om ein er interessert i saka. Dei sentrale peikarane og dokumenta i saka er her: Continue reading «Rådmannen tilrår ikkje utbygging»

Meir eigedomsskatt frå kraftverk, men minimal verknad for Vestsida/Vigdøla

(Oppdatert 9.10.)

Regjeringa har gjort framlegg om ei endring i skattlegginga av kraftverka som vil gje Luster kommune om lag 8,9 mill kr i auka inntekter frå 2013. Endringa vil likevel ha minimalt å seie for dei kommunale inntektene frå Vestside- og Vigdøla-utbyggingane. Continue reading «Meir eigedomsskatt frå kraftverk, men minimal verknad for Vestsida/Vigdøla»

- Ikkje ta siste rest av elva vår (Sogn Avis 31.8.)

Sogn Avis hadde eit stort oppslag om motstanden mot bygginga av Vigdøla kraftverk 31. august. Les: - Ikkje ta siste rest av elva vår.

Nok kraftutbygging i Jostedalen no (Sogn Avis 31.8.)

Aksjonsnemnda hadde følgjande innlegg på prent i Sogn Avis 31. august. (Sjå avisoppslaget her.)

Nok kraftutbygging i Jostedalen no

Statkraft har søkt om konsesjon for å byggje ut åtte uregulerte elvar på vestsida av Jostedalen og nedre del Vigdøla. Det bør ikkje Statkraft få lov til. Continue reading «Nok kraftutbygging i Jostedalen no (Sogn Avis 31.8.)»