Archive for the 'Allment' Category

Vestsideutbygginga skrinlagd

Statkraft trekkjer konsesjonssøknaden om overføring av vestsideelvane og heving av Tunsbergdalsdammen. Det går fram av ei pressemelding selskapet sende ut i dag.

Konsesjonssøknaden ligg i NVE, som har varsla sluttsynfaring 14. august. Det var venta at NVE ville gje si tilråding til Olje- og energidepartementet i løpet av året.

Statkraft presiserer at konsesjonssøknaden om bygging av Vigdøla kraftverk står ved lag. NVE si varsla synfaring av Vigdøla 15. august må ein såleis rekne med at går som planlagd.

Me er glade for at Statkraft sjølv set ein sluttstrek for vestsideutbygginga, men vil framleis arbeide for at Vigdøla kraftverk ikkje får konsesjon.

Statkraft grunngjev skrinlegginga slik:

Høye anleggskostnader kombinert med forventet høye fall- og grunnerstatninger har svekket lønnsomheten i prosjektet og Statkraft velger derfor å trekke konsesjonssøknaden.

Statkraft har heile vegen lagt vekt på at det er ei marginal lønsemd i prosjektet og har sjølv sagt at det var grøne sertifikat-ordninga som berga prosjektet frå skrinlegging for eit par år sidan.

Ein kan likevel undre seg noko over at «forventet høye fall- og grunneieerstatninger har svekket lønnsomheten i prosjektet». Erstatningsnivået etter gjeldande rettspraksis burde ikkje kome som ei overrasking på selskapet. Dei grunneigarane som ynskte ei utbygging og har tinga med Statkraft om erstatningar, bør såleis ikkje kjenne noko ansvar for skrinlegginga.

Fylkesmannen og fylkeskommunen har sagt sitt

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rår til at det ikkje vert gjeve konsesjon i dei to høyringsfråsegnene om Vestsida og Vigdøla (daterte 31.10.). Sjå også oppslag i Sogn Avis. Fylkesmannen har mellom anna lagt vekt på den totale belastninga av tidlegare kraftutbyggingar.

I Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle fylkesutvalet (fylket sitt formannskap) vedta høyringsfråsegnene i møtet 9.11. Fylkesrådmannen hadde rådd til å seie ja til konsesjon for Vigdøla og vestsideelvane minus dei to elvane i Krundalen. Fleirtalet i fylkesutvalet (mot røystene til Venstre og Krf) sa ja til utbygging av alle elvane. Sogn Avis har etter møtet sett søkjeljoset på fylkeskommunen si dobbeltrolle som forvaltningsorgan og stor økonomisk interessent. Sjå vedtak/saksutgreiingar om Vestsida og Vigdøla, og medieoppslaga om saka.

Me reknar med at dette var dei siste høyringsfråsegnene i denne runden. Statkraft har no høve til å kome med merknader til høyringsfråsegnene til NVE. Alle høyringsfråsegner er samla her.

Høyringsfråsegna frå kommunen klar

Luster kommune har i dag oversendt høyringsfråsegna si til NVE. Her er dei tre dokumenta samla i eitt (pdf). Vedtaket i kommunestyret er sjølvsagt det viktigaste, men ein skal merke seg at det kviler på og vert utdjupa av rådmannen si saksutgreiing.

Sogn Avis om møtet.

Kommunestyret sa nei til utbygging

Kommunestyret har sagt nei til utbygging av vestsida/Vigdøla. Vedtaket lyder slik (korrigert 19/10):

Luster kommunestyre syner til rådmannen si saksutgreiing med tilhøyrande vurderingar og vil gje uttrykk for at Luster kommune og Jostedal har hatt stor nytte av tidlegare kraftutbyggingar. Ut frå ei samla vurdering finn kommunestyret likevel at det ikkje er samsvar mellom dei inngrep og konsekvensar utbygging vil gje, og dei vilkår kommunen er stilt i utsikt. Kommunestyret rår difor til at Statkraft Energi AS ikkje får konsesjon for dei omsøkte utbyggingane utan at det vert stilt strenge konsesjonskrav og Luster kommune får tydeleg vederlag for å avstå ytterlegare naturressursar til storsamfunnet.

Vedtaket vart gjort med 16 mot 13 røyster. Mindretalet røysta for eit framlegg som sa ja til konsesjon både for vestsideelvane og Vigdøla med ein del konsesjonskrav.

Dei to frå Venstre, den eine frå SV, fem frå Sp, dei tre frå Frp og fem frå Ap røysta for framlegget.

Framlegget som sa ja og ikkje vart vedteke, fekk støtte av dei to frå Høgre, fem frå Ap, to frå Sp og fire frå Krf.

Sa nei til utbygging (Sogn Avis)
Sa nei til utbyggingsplanar (NRK Sogn og Fjordane)

Ungdomsopprop mot utbygging

47 ungdomar frå Jostedalen, Leirdalen og Vigdalen har sendt eit brev til Luster kommune der dei seier nei til meir kraftutbygging. Brevet står òg i Sogn Avis i dag og var sak på NRK Sogn og Fjordane i dag tidleg. Det lyder slik:

(Talet og namnelista blir oppdatert etter kvart som det måtte kome til fleire. Då innlegget vart sendt til Sogn Avis var det 40, og då brevet gjekk til kommunen var det 45.)

Nok kraftutbygging i Jostedalen

Me er oppvaksne i Jostedalen, Leirdalen og Vigdalen og under 30 år. Me håpar kommunestyret, NVE og regjeringa seier nei til dei nye kraftutbyggingsplanane. Dei tidlegare store kraftutbyggingane i Leirdalen og Jostedalen har ført mykje godt med seg, men har òg gjort at me har att få frittrennande elvar. Området på vestsida frå Myklemyr til Krundalen er det siste større urørte tur- og friluftsområdet nær busetnaden i Jostedalen. Utbygginga til Statkraft vil føre til at det mest ikkje blir vatn att i desse elvane. Me håpar dette området kan takast vare på for dei kommande generasjonane og for reiselivet i bygda.

Underskrive:

Andrea Berget, Kari Hilde Bergseth, Karine Blikra, Stine Blikra, Aleksander Brun, Jeanette Aaland Brun, Lasse Brun, Malin Aaland Brun, Preben Brun, Ingeborg Hess Elgersma, Hylkje Hess Elgersma, Anders Olav Ese, Britt Kristin Ese, Mari Ese, Heidrun Fossøy, Anne Gjerde, Marthe Gjerde, Atle Grov, Erik Grov, Gaute Grov, Johanne Grov, Torgeir Grov, Laila Kjærvik, Silje Kreken, Evy Kristin Krokgjelet, Siv Janne Krokgjelet, Britt Kronen, Kristin Kronen, Hilde Kveane, Marthe Kveane, Anne Judith Leirdal, Camilla Therese Leirdal, Linn Christina Leirdal, Oddny Julie Leirdal, Helge Norberg, Nina Norberg, Eli Johanne Ormberg, Eli Ruud, Mathilde Skjæret, Sjur Skjæret, Anne Marte Snøtun, Oddvar Vigdal, Ole Henrik Vigdal, Gunni Yttri, Ingvild Yttri, Anita Aasen og Merete Aasen

Innlegg frå aksjonsnemnda og frå naturvern- og friluftslivhald

Sogn Avis i dag (18/10) trykkjer i dag innlegget «Objektivitet er ein vanskeleg balansegang» av Thorleif Jakobsen (Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane), Marino J. Ask (Sogn og Fjordane Turlag) og Elisabeth Dahle (Forum for natur og friluftsliv, Sogn og Fjordane). (Sjå under Media.)

Aksjonsnemnda svarar på ein del påstandar i eit anna innlegg, som lyder slik: Continue reading «Innlegg frå aksjonsnemnda og frå naturvern- og friluftslivhald»

Meir debatt

Tilhengarane av vestsideutbygginga har kome meir på banen etter at formannskapet sa nei sist onsdag. Laurdag var det eit større oppslag i Sogn Avis med ein del grunneigarar som ønskjer utbygging, og det har stått fleire innlegg dei siste dagane. Me gjentek at me tykkjer det er viktig og bra for debatten at fleire synspunkt kjem fram. Lista over medieoppslag er no oppdatert. Det har også kome nokre direkte åtak på aksjonsnemnda, og dei har me så langt svara dette på.

Statkraft brukar dagens Sogn Avis til å argumentere for at den avtala både fleirtalet og mindretalet i formannskapet sa nei til, er god. Det får vise seg om dette frå nokon til å skifte meining. Me viser elles til det me har skrive før når det gjeld Statkraft sine opplysningar om grunneigarerstatningar og flaumdemping.

Høyringsfristen går ut i morgon

I morgon, 15. oktober, går høyringsfristen til NVE ut, så dei som har noko på hjarta og ikkje har sendt inn noko, må gjere det raskt. Me har lagt ut alle uttalene me kjenner til, men garanterer ikkje at me har fått med oss alle. Denne oppmodinga går både til dei som er einige og dei som er ueinige med oss som saka.

Svar på spørsmål om aksjonen

Ingar Norberg har sendt oss eit spørsmål på facebook, e-post og i innlegg i Sogn Avis (sjå nedanfor). Her er svaret vårt: Continue reading «Svar på spørsmål om aksjonen»

Sakspapira til kommunestyret er komne

Kommunen har i dag lagt ut sakspapira til kommunestyremøtet tysdag 18/10 der høyringsfråsegna til dei to kraftprosjekta skal vedtakast. Sakspapira finn du her. Det er dei same dokumenta som til formannskapet pluss ei grunneigarliste og protokollen frå formannskapsmøtet.

Tilrådinga frå formannskapet er at kommunestyret rår ifrå at Statkraft får konsesjon. Det vil vise seg om mindretalsframlegget i formannskapet eller eit anna framlegg vert fremja i kommunestyret.

Møtet byrjar kl 14.00. Det vert som vanleg kringkasta på Radio Luster, så det er berre å flokke seg kring apparata.