Kommunen har fått utsett høyringsfrist

Luster kommune har fått utsett frist frå NVE på høyringsfråsegna si til Vigdøla-/Vestside-saka. Kommunen si høyringsfråsegn skal handsamast i formannskapet 21. oktober og kommunestyret 29. oktober.

Underskriftslister på papir – fellesaksjonen

UnderskriftslisteFor eit par veker gjekk det ut eit husstandsskriv om aksjonen, og det har i ein månad vore mogleg å skrive under på oppropet for aksjonen på Internett.

No kjem det papirlister der ein kan skrive under på den gode gamle måten. Kontaktpersonar i krinsane er:
# Myklemyr: Bjørn André Skjæret
# Sperla/Fossøy: Bitte Fossøy
# Hesjevoll-Bruheim: Åne Elgersma
# Krekane: Reidar Kreken
# Gjerde: Bjørnar Bjørhusdal
# Krundalen: John Grov
# Mjølver-Fåberg: Kjellrun Elvekrok

Om du vil samle underskrifter sjølv, finn du underskriftslista her (pdf).

Underskrivarar på Krundalsoppropet

Oppropet for Røykjadøla og Tverradøla har samla 71 underskrifter frå personar som bur i eller har sterk tilknyting til Krundalen, mellom anna 42 fastbuande (av 47). Desse har skrive under:

Anita Bergseth, Anna Bergseth, Kjell Bergseth, Lorents Tuften, Steinar Bruheim, Nils Øyvind Bergset, Ottar Bergset, Marit Måge, Målfrid Nytun, Ingunn Schmidt, Arno Holthausen, Heidi Zimmermann, Terje Ådland, Lars Myrehaug, Aud Fossøy, Atle Grov, Johanne Grov, John Grov, Mette Grov Ruud, Leif Andersen, Jenny Austgulen, Ola Austgulen, Anders J. Grov, Connie Grov, Jorunn Grov Hestetun, Reidar Hestetun, Anne-Lise Bakken, Erik Grov, Gaute Grov, Oddmund Foss, Astrid Kvam, Arild Kvam, Johanna Kvam, Hege Osnes, Vidar Aasen, Gunhild Brun, Lars Brun, Sigrid Henjum, Håvard Kastet, Arne Moe, Elin Tyssedalstveit, Bendik Brun, Edvin Brun, Lasse Brun, Preben Kristiansen Brun, Sissel K. Brun, Arne Heggelund, Gro Heggelund, Arve Tvedt, Ingrun Uglum, Oddgeir Uglum, Per Anker Pedersen, Lillian Øygarden, Reidar Kreken, Britt Kronen, Kristin Kronen, Anne-Marie Helletun, Else Lise Skjæret, Jørgen Skjæret, Otto Hellegård, Arne Tvedt, Inger Veka Tvedt, Else Marie Haugen, Terje Kvam, Eli Bjørhusdal, Oddmund Hoel, Oddvar Baggetun, Ove Baggetun, Silje Kreken, Anne Kristin Haugen Halveg og Eldbjørg Haugen.

Det er framleis mogleg å skrive seg på. Ta då kontakt med John Grov, Reidar Kreken eller Oddmund Hoel.

Sota-vandrarane i Sogn Avis

Sogn Avis 19.8.2009Sogn Avis har i dag eit oppslag om dei sju som gjekk til Sota på nasjonalparkopninga laurdag for å møte miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. (Ikkje på nettet.)

- Me gjekk for å få fram bodskapen vår og dei planane Statkraft har for å bygga ut resten av dei frittrennande elvane i Jostedal. Me la fram vårt syn på desse utbyggingsplanane for Solheim, seier Steinar Bruheim til avisa.
- Var han løydhøyr?
- Ja, det vil eg seia at han var. Han inviterte oss til å koma til Oslo og departementet etter kvart. No er det tidleg i kraftutbyggingsprosessen, men eg trur me fekk fram kor viktig det er for Jostedal som turistbygd at me har ein fri natur der det kan drivast skikkeleg aktivitetsturisme.

Sogn Avis-leiar om Statkraft-planane

I ein avisleiar om Breheimen nasjonalpark laurdag 15. august, kommenterte Sogn Avis utbyggingsplanane i Jostedalen. “Det vil få merkbare konsekvensar for friluftsaktivitetar i Jostedalen og me har forståing for at innbyggarane reagerer mot desse planane”, skriv avisa. Les heile leiaren

Bilete frå Sota-turen

Medan Sota-gjengen snakkar med Erik Solheim, legg me ut nokre doggfriske bilete frå turen.

På Styggevasshytta Mot Handspiki Sota Aksjonistar Nasjonalparkopning

Fleire bilete på Bjørnar sin blogg (15.8.)

Vigdølene i Sogn Avis

SAAksjonane for Vigdøla har i dag fått brei og fin omtale i Sogn Avis. Sigrun Vigdal og Jenny Fossøy er intervjua. (Ikkje på nettet.)

Steinar Bruheim er intervjua om Sota-turen. Positiv melding frå Statsministerens kontor i går ettermiddag: me får møte ein regjeringsmedlem på Sota fredag, truleg i 13-14-tida. Det vert klart seinare om det blir Stoltenerg, Halvorsen, Navarsete eller Solheim. Dei som går over, får følgje bussen tilbake fredag ettermiddag, så det trengst ikkje privat transport.

Krundalsoppropet i Sogn Avis

SAInitiativet for å ta vare på krundalselvane var omtala i Sogn Avis i går, som mange sikkert alt har sett. Oppslaget ligg ikkje på nettet.

Sjå Media (ny side) for ei liste over medieoppslag om utbyggingsplanar og aksjonar som gjeld Vigdøla og vestsideelvane.

Husstandsskriv

Eit skriv om aksjonen er på veg ut i postkassene til alle husstandane i Jostedalen. Du finn det òg her (pdf).

NVE held ope møte 9. september

I høyringsperioden skal det haldast eit ope møte om utbyggingsplanane. Me har no fått stadfest frå tilskiparen NVE at møtet blir i Jostedalen onsdag 9. september klokka 18.00. NVE orienterer om saksgangen og Statkraft om utbygginga, og det blir gode høve til å kome med spørsmål og synspunkt. Møtet er både om Vestsideelvane og Vigdøla.

Møteplanen til Luster kommunen fortel at formannskapet skal ha møte 15. september og kommunestyret 25. september, så dette er sannsynlege datoar for handsaminga av den kommunale høyringsfråsegna. MERK: Det er ikkje formelt fastsett at saka skal opp då, så det kan bli endringar.

Høyringsfristen er 1. oktober.

Les meir
Statkraft si informasjonsside (med dei to offisielle meldingane)
NVE sine prosjektsider om Vigdøla og Vestsideelvane